Ingjerd Berg Helleland smiler stort og køyrer uredd ned bakken ved Ål kulturhus.
Ingjerd Berg Helleland smiler stort og køyrer uredd ned bakken ved Ål kulturhus.

Nedsnødd vinterglede

Brøytarane har drive på i heile natt. På dagtid nyttar andre sjansen til å få fram både spark og akebrett for å teste snømengdene.

Det er trygt å seie at hausten no er over, for vinteren har for alvor forvandla landskapet i heile øvre Buskerud.

Nytt akebrett til ungane

Ghergis Hadgu er på veg heim frå Sundre i Ål med eit splitter nytt akebrett, som attpåtil var på tilbod, då Hallingdølen stoppa han laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva tenkjer du om all denne snøen?

– Der kjennes godt at det endeleg kom snø. Det gjer det lysare og varmare ute, i tillegg er det så fint å sjå på. Me hadde to akebrett, men det eine vart øydelagt. No gler eg meg til å ta med det nye akebrettet heim for å overraske ungane. Likevel må eg nok med tida få tak i to til, for eg har fire soner, seier Hadgu.

Klarte nesten ikkje vente

Han er opphavleg frå Eritrea, men har budd på Ål i to år no. Ungane kom i januar, og har ikkje før no fått oppleva korleis vintersesongen startar. Det er alt to månader sidan sonene hans lurte på om det ikkje snart skulle kome snø.

Ghergis Hadgu er på veg heim til sønene med eit splitter nytt akebrett. Dette er nemleg første gongen ungane får oppleve korleis vintersesongen startar.
Ghergis Hadgu er på veg heim til sønene med eit splitter nytt akebrett. Dette er nemleg første gongen ungane får oppleve korleis vintersesongen startar.
Bjørn Kvinnegard stod opp før folk, for å halde vegane i sentrum av Ål så snøfrie som mogleg laurdag.
Bjørn Kvinnegard stod opp før folk, for å halde vegane i sentrum av Ål så snøfrie som mogleg laurdag.

– Dei er ikkje så glad i å vente, men gleda var stort då det lava ned i går. Ungane ville ut på ski, men det er nok litt tidleg, fortel han.

Fan av spark

Ned bakken ved Ål kulturhus kjem Ingjerd Berg Helleland susande på spark.

– Det er heilt topp. Det er ypparleg at det kom så mykje snø at eg fekk ut sparken. Eg er skikkeleg fan. Sparken er min beste ven om vinteren, seier Helleland.

– Så du kvir deg ikkje for å gå ut i slikt vêr?

– Det var litt arbeid i dag tidleg då eg skulle ut, men snøen er fin og lett så snømåkinga gjekk som ein leik, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje akkurat arbeidsledig

Bjørn Kvinnegard, som brøytar på Sundre, fortel han har vore oppe sidan klokka tre natt til laurdag. Han blir truleg ikkje arbeidsledig med det første.

– Eg syns det er slik det skal vera.

– At all snøen kjem på ein gong?

– Nemleg, seier han lurt.

Kva nyttar du snøvêret til?

Send oss gjerne eit bilete med ein kort tekst, i tillegg til namnet til dei som eventuelt er på bileta, for å syne Hallingdølen-lesarane kva du har nytta årets første snøvêr til. Bileta sender du på e-post til lesarfoto@hallingdolen.no eller redaksjonen@hallingdolen.no. SMS duger ikkje, då blir bileta for «små» til å ha på trykk.