Nibbi i Hemsedal.
Nibbi i Hemsedal.

Moderat skredfare - følg med på fokksnøen

20 centimeter nysnø er gode nyheiter for toppturfolket. Men kombinasjonen med vind og varierande temperaturar kan gje ustabile snøforhold.

Observasjonar frå fleire stader i regionen de siste dagane syner stort sett stabile forhold i snødekket. Natt til onsdag kom det 20 centimeter med snø. Kombinert med vind vil dette gje ferske fokksnøflak i lesider i høgfjellet. Skredfaren blir vurdert til å vere moderat.

– Det er veldig fine skiforhold no, melder skredobservatør Jørgen Aamot på telefon frå Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men han ber folk sjå etter kor vinden har lagt att nysnøen. Det er også viktig å merke seg at snødekket blir ustabilt når temperaturen stig.

– Temperaturstigning kan gje våte flakskred i bratte fjellsider, fortel han.

Det er også større sjanse for store snøskavlar knekk når temperaturen aukar. Det ligg framleis svake lag med kantkorn nede i snødekket, men desse ligg stort sett under stabilt lag med skare.

Aamot meiner toppturfolket kan glede seg til ein lang sesong.

– Moglegheitene for fine toppturar vil vare lenge utover våren, seier han.