Det er einsamt å køyre nattog, med sitt eige spegelbilete som einaste selskap.
Det er einsamt å køyre nattog, med sitt eige spegelbilete som einaste selskap.

Med 5512 i snø og fokk

Det striregnar i Bergen. Paraplyen vrengjer seg i vinden. Er det ein peikepinn om kva som ventar over fjellet?

Det vil dei næraste timane gi svar på. I spor 9 får 5512 klarsignal til å forlate Bergen stasjon.

Fremst i lokomotivet dreiar førar Arvid Rundhovde frå Gol på rattet som får hjula til å rulle, med kurs for Oslo. Men fyrst ventar 1200 høgdemeter over Finse og vêrharde Hardangervidda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veit aldri ...

Klokka er 21.43 når godstoget forlet stasjonen. 471 kilometer ventar, fram til terminalen i Oslo. Rundhovde skal berre køyre vel halvparten av dei, på Ål overlet han toget til ein kollega.

«Ta på deg varme klede! Alt kan skje undervegs!» Slik lydde den siste meldinga ifrå han etter at det var klarert at Hallingdølen fekk vere med på loket. Akkurat no verkar den meldinga absurd, her eg må hengje av meg jakka. Det er alt anna enn kaldt.

Men det er vel å merke så lenge me har straum. Blir den borte, ved leidningsbrot eller andre uhell, kan det raskt bli uggent, fortel Rundhovde. Han har opplevd det, fleire gonger. Før Finsetunnelen kom, vart han ein gong ståande fast i ei snøfonn ved Taugevatn i sju-åtte timar. Alt kan skje undervegs!

Med beina på dette brettet "kvitterer" føraren for at han er i live.
Med beina på dette brettet "kvitterer" føraren for at han er i live.
Skjenegangen er fleire stader heilt attsnødd og ute av syne.
Skjenegangen er fleire stader heilt attsnødd og ute av syne.
Arvid Rundhovde og 5512 får klarsignal til å forlate Bergen stasjon.
Arvid Rundhovde og 5512 får klarsignal til å forlate Bergen stasjon.
Med denne brytaren strøyer ein sand på skjenene når det er glatt.
Med denne brytaren strøyer ein sand på skjenene når det er glatt.
Jobben er gjort. Arvid Rundhovde klatrar ut av loket på Ål stasjon.
Jobben er gjort. Arvid Rundhovde klatrar ut av loket på Ål stasjon.

640 tonn å dra på

Sidan 2002 har godstrafikken til NSB vorte handtert av CargoNet. Selskapet er heileigd av NSB. Rundhovde valde å gå over til CargoNet heilt frå starten. Så dei siste 13 åra har han køyrt berre godstog. Når han denne torsdagsnatta skal føre 5512 frå Bergen til Ål, skjer det etter at han natta før har ført eit anna tog den motsette vegen.

Før avgang frå Bergen, har han fått ei oversikt over det han skal dra på: 13 vogner, 643 tonn totalt, 377 meter langt.

– Dette er eit oppsamlingstog som verken er så langt eller tungt, konstaterer han. Det hender toga kan vere opp mot dobbelt så lange.

Ratt som «gass»

Rundhovde og 5512 er langt frå aleine på skjenene. Alt etter 19 kilometer, på Trengereid, skjer den fyrste kryssinga. Det skal kome seks til før me kjem til Ål, den siste på Hol stasjon. Alt blir koordinert og overvaka frå togleiarsentralen i Bergen.

– Du har ratt, men har vel ikkje så store mogelegheiter til å svinge?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, nei, det har ingenting med det å gjere, smiler han. Rattet er «gassen» på loket, det er med det me kan gi på straum.

Han kan likevel ikkje dreie for sterkt på rattet dei fyrste 70–80 kilometrane. Mykje av Vossebanen innbyr ikkje til høg fart.

– Det er som ein geitesti, dette. Berre svingar og tunnelar, verste på heile Bergensbanen, konstaterer han. 

Tut, tut, tut ...

Me passerer Voss stasjon i svært moderat tempo. Fartsgrensa her er berre 40 km/t. Då blir det med eitt meir livat i førarkabinen: «Tut, tut, tut …» Rundhovde svarar med å vri på rattet.

– Høyrde du den? Eg begynte å setje opp farten 50 meter for tidleg, så alarmen varsla. Viss eg berre hadde halde fram, ville bremsene ha gått automatisk på, fortel han.

Det same vil skje viss han skulle køyre mot raudt lys. Datateknologien har også for lengst revolusjonert føring av tog. Den er direkte årsak til at det ikkje, som i «gamle» dagar, er nødvendig med to førarar på loket. På golvet held føraren beina på ei plate, som registrerer trykket frå beina. Viss han skulle sovne eller få eit illebefinnande, registrerer plata at trykket blir borte og at noko er gale. Alarmen går, og føraren har nokre sekund på seg til å «kvittere» med nytt trykk mot plata for å vise at alt er i orden. Viss ikkje, går bremsene på.

– Kjennest det ikkje ofte einsamt?

– Jau, det gjer jo det. Du må lære å stole på deg sjølv. Det nyttar ikkje å vere her for ein som har angst og må ha folk rundt seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er du redd nokon gong?

– Nei, det går ikkje an i dette yrket.

Trolsk på Myrdal

Brøytekantane blir høgare og høgare. Her på vestsida av fjellet har det ikkje vore slike snømengder på 25 år. Meir enn 2 meter mange stader.

– Nei, oppover her er det ikkje noko særleg å køyre. Det er rasfarleg med dei forholda som er, konstaterer Rundhovde, kort før me når Upsete.

Halvt nedsnødd møter snart Myrdal stasjon oss som eit trolsk syn. Raudt lys og stopp. Ein togekspeditør stikk hovudet inn og informerer om fem minutt å vente på kryssande tog. Rundhovde er glad for at det ikkje blir lenger.

– I slikt vêr skal du ikkje stå lenge stille før det blir problem med at snøen pakkar seg rundt hjula. Då kan det vere vanskeleg å kome i gang att.

Attsnødd

Trass i at fleire møtande tog har brøytt, er skjenegangen fleire stader heilt attsnødd. Her ville det ikkje vore lett og funne vegen!

– Nei, det har sine fordelar å gå på skjener, smiler Rundhovde.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Finse kjem snøen vassrett. Men neppe meir enn som liten kuling, meiner han.

– Detta æ’kje nokke!

På Haugastøl kan me likevel konstatere at det er meir enn «nok» for Rv7, som er stengt for ordinær trafikk.

5512 nærmar seg Ål. Klokka går mot halv to. Bak rattet tek Arvid Rundhovde til å kjenne at han har to netter «i kroppen». No ser han fram til å kunne sove i heimleg seng på Rotneim. At den ofte må bytast ut med ei seng i Bergen, Hønefoss eller Oslo, er ei av ulempene med yrket.

– Det hender ein plutseleg vaknar av at ein snur seg og slår hovudet i veggen, fordi ein trur ein er ein annan stad, smiler han. Men ikkje i natt …

* CargoNet tek seg av all godstransport med NSB * Vart danna i 2002 på basis av NSB Gods * Er eigd hundre prosent av NSB * Har rundt 900 tilsette * Hadde ei omsetning på 1,032 milliardar kroner i 2014 * Omsetning og volum har gått ned dei siste åra * På Bergensbanen køyrer CargoNet inntil fem godstog i døgnet i kvar retning * I tillegg køyrer konkurrenten Cargolink tre tog i kvar retning