– Det einaste som er heilt sikkert er at me ikkje veit nok, seier Sigmund Tveitehagen, leiar i Nordfjella villreinutval.
– Det einaste som er heilt sikkert er at me ikkje veit nok, seier Sigmund Tveitehagen, leiar i Nordfjella villreinutval.

– Me må vite meir

Sanering av villreinstamma er berre ein mogleg handlingsplan. Den må behandlast politisk før noko kan skje.

– Ei avgjerd om sanering ligg fram i tid, seier Sigmund Tveitehagen, leiar i Nordfjella villreinutval.

– Me må vite meir før me kan gjere slike tiltak. Men at det kan bli nødvendig med ei sanering, spøker i bakgrunnen. Blir det nødvendig, så er det slik det må bli. Får du beskjed om at du har kreft ein plass, er du villig til å fjerne mykje av skrotten for å overleve – for å sette det på spissen, påpeiker Tveitehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgare jaktkvote

I mellomtida må andre tiltak settast inn for å avgrense spreiinga. Nordfjella villreinutval vil fyrst og fremst jobbe for høgare jaktkvotar og forlenga jakt i 2017.

– Villreinutvalet og villreinnemnda må sette seg ned og utarbeide ein plan for kva me skal gjere vidare. Dette fyrste året ynskjer me ein vesentleg høgare fellingskvote enn tidlegare. Me vil også foreslå forlenga jakt både i forkant og etterkant av ordinær jaktperiode, opplyser Tveitehagen.

– Gode samjaktavtalar kan opne for større uttak. Men det er opp til grunneigarane å sleppe opp grensene. No er det unnatakstilstand, og då er det kanskje ikkje riktig at me sit på kvar vår haug, seier Tveitehagen.

Vidare peikar han på GPS-merking av slakteplassar som eit mogleg tiltak. Slik kan ein overvake jordsmonnet for å greie ut kor lenge smitten vert liggande.

– Eg håpar det kjem mange gode og kreative forslag på korleis me kan bekjempe skrantesjuka. Og eg trur og håpar viljen til å løyse dette er stor.

Trugar alt dyrehald

– Men nedslakting i sone 1 er unekteleg eit drastisk forslag?

– Høgare uttak opnar for meir prøvetaking, og minska bestand. Om skrantesjuka syner seg å vere mindre smittsam enn den amerikanske, får me tru at me får betre tid. Er det like smittsamt som i Nord-Amerika, så er det ikkje berre eit problem for villreinen i Nordfjella, men også for alt anna dyrehald. Det einaste me veit heilt sikkert, er at me ikkje veit nok, seier Tveitehagen.