Rypetakserar, fuglejeger og jaktprøvedommar Odd Harald Sørbøen frå Ål melder om store og fine rypekull i våre fjellområde.
Rypetakserar, fuglejeger og jaktprøvedommar Odd Harald Sørbøen frå Ål melder om store og fine rypekull i våre fjellområde.

Lyse utsikter for rypejegerane

– Det er fugl over alt og relativt store og fine kull frå 6 til 12 kyllingar. Det kan bli over eit normalår for rypejegerane.

Odd Harald Sørbøen frå Ål er optimist før rype- og fuglejakta startar 10. september.

Han er jaktprøvedommar og takserer både i Hallingdal og andre stader i Sør-Norge. Siste vekene har Sørbøen vore ute og studert «fuglelivet» på nært hald i fleire område.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Store og fine kull

– Det er fugl over alt sjølv om det er lokale variasjonar. Det er eit fint kyllingår med store og fine kull med frå 6–12 kyllingar i kullet. Eg synest det ser veldig bra ut sjølv om det ikkje er like mykje rype som i toppåret i fjor, seier Odd Harald Sørbøen.

Han spår lyse utsikter for rypejegerane i våre nærområde. Siste vekene har han vore i fjellområda i Øvre Hallingdal, på Hardangervidda og Valdresflya.

Inntrykket er det same. Det er mykje rype i fjellet.

Takseringar i rypeterrenga i Hallingdal tyder på at det går mot eit normalår og vel så det for rypejegerane.
Takseringar i rypeterrenga i Hallingdal tyder på at det går mot eit normalår og vel så det for rypejegerane.

– Det ligg an til å bli over eit normalår med rype i våre nærområde. Korleis det er med skogsfuglbestanden kjenner eg ikkje til, seier han.

Store variasjonar

Like bra er det ikkje på landsbasis. Fagsjef for jakt og fiske i Statskog, Jo Inge Breisjøberget, opplyser at augusttakseringar av rype og skogsfugl gir dårlege utsikter for rypejakta.

– Det er lokale variasjonar. Men det store biletet viser ei svak utvikling av rypebestanden i dei fleste områda, skriv Breisjøberget i ei pressemelding.

Takseringane til Statskog tyder på at det blir eit normalår for rypejegerar frå Dovre til Saltfjellet. I resten av landet ser det dårleg ut.

Han viser til same tendensen for skogsfugltakseringa som for rype.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å peike på enkeltfaktorar som forklaring på utviklinga på fuglebestanden er vanskeleg. Det er eit samspel mellom fleire der både kuldeperiodar tidleg om sommaren og smågnagarbestanden spelar inn.