Cox vart sist sett ved hytta på Votndalsåsen i Ål 7. juli. Er det nokon som har sett han etter det?

Leitar framleis etter Cox (4): Sporlaust forsvunne i 18 dagar

Ferien går mot slutten, og familien leitar framleis fortvila etter hunden sin. Har du sett eller høyrt noko som kan vere Cox?

Gordon settaren Cox vart borte frå hytta på Votndalsåsen i Ål 7. juli. Sidan då har familien Tjøm leita alt dei kan for å finne att hunden.

– Det er leita seint og tidleg med drone, sporhund, andre hundar og frå utkikkspostar i områda i nærleiken, samt mot Kråkhamar, Hengsen, Reine og Bergsjø i vest, og Nystølane og Breistølane mot Torpo og Gol i aust, fortel Trine Tjøm på vegner av familien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har fått mykje hjelp

Cox er fire år gamal og vart sist sett ved Myset på Votndalsåsen. Hallingdølen skreiv om den forsvunne hunden for halvanna veke sidan. Då var leitinga i full gang, men Cox har enno ikkje dukka opp att.

– Me står dessverre framleis utan sikre observasjonar, berre enkelte markeringar med sporhund i nærområdet. Dronen, som har vore i bruk ved tre høve både på dagtid og på kvelden, har ikkje gitt resultat, fortel Tjøm.

Borte: Plakaten fortel fakta om den forvunne Cox.

Den frivillige organisasjonen Rømlingen vart tidleg kopla på etter at Cox forsvann. Familien har fått hjelp til å leite, og hjelp til å lage plakater som er spreidd på ulike sider på Facebook.

– Me er svært takksam for all hjelp og støtte me har fått dei siste to vekene, seier familien Tjøm.

Håpar på observasjonar

Cox forsvann på ettermiddagen 7. juli, omtrent ved 17-tida.

– Det er eit tidspunkt der handverkarar ofte er på veg ned frå hyttebygging på fjellet, og hytteeigarar er på veg oppover for helga. Er det nokon som kan hugse å ha sett ein laus, svart hund langs Fekjastølvegen eller ved parkeringsplassen på Myset i denne perioden? Då kan det vere Cox, seier Tjøm.

Les også
Cox forsvann og har vore borte i seks dagar: – Har nokon sett fuglehunden?

Familien har brukt sommaren på å leite etter kameraten sin. Men no er ferien snart over.

– Me begynner å bli usikre på korleis me skal løyse dette. Me håpar derfor at me igjen kan be Hallingdølens lesarar om hjelp, seier Tjøm.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det nokon som har sett noko eller høyrt noko? Enten tilbake i tid eller nyleg. Det kan hjelpe oss med å finne han, eller få eit svar på kva som har skjedd.

Cox er ID-chippa og har bevis på at han er sauerein. Han er svart og brun, og har på seg eit brunt halsband. På dette står det både namn og nummer til eigar.

– Alle tips kan hjelpe oss med å få familiehunden vår tilbake, seier Tjøm.

Les også
Ser at heile sesongen går fløyten: – Det er eit slags mareritt
Les også
Innbyggarane får forbod mot å vatne: – Ikkje fyr opp vasspreiaren
Les også
Hytteeigar får gjerde mot beitedyr. Men ikkje så mykje som han ville