Her skulle det etter planen vore yrande liv i sommar. I staden er det goldt og øde.

Ser at heile sesongen går fløyten: – Det er eit slags mareritt

Gudrun Hesla må berre innsjå at Tisleifjorden ikkje blir brukande for turistane i sommar. No fryktar ho dette vil bli den nye normalen.

– Dette kan ikkje bli standarden for åra som kjem. Eg er litt redd for det, for det er pengane som rår. Med situasjonen som me har no, med eksport av kraft, er eg veldig redd for at dette er prisen som må betalast, seier Hesla ved Oset Høyfjellshotell.

Framleis månelandskap

Hallingdølen møtte Hesla i slutten av mai. Då såg Tisleifjorden ut som eit månelandskap. Vasskanten Kafé og Oset båthavn låg øde og forlate. Vatnet var langt, langt frå bryggekanten.

Artikkelen held fram under annonsen.

No, snart to månader seinare, er det framleis like ille. Det vesle håpet Hesla hadde om å kunne berge delar av sesongen, har svunne. Fjorden er framleis like liten.

– For Oset er det viktig del av rekreasjonen at gjestane kan kome seg ned til vatnet, seier Hesla.

Dette biletet tok Hallingdølen i slutten av mai, då Gudrun Hesla ved Oset Høyfjellshotell fortvila over vasstanden i Tisleifjorden. Dei har framleis ikkje tilgang til vatnet.

Det er ikkje så enkelt no. Båtutleige kan ho derfor sjå langt etter.

– Det er mudderbotn i delar av fjorden. Å sende folk ned for å leige båtar, der dei må gå nokre hundre meter for å kome til vatnet, blir inga god oppleving, seier ho.

Les også
Innbyggarane får forbod mot å vatne: – Ikkje fyr opp vasspreiaren

Hesla har sett ut nokre kanoar og kajakkar, dei er enklare å flytte på. Utleige av andre båtar ligg heilt brakk.

– Og fiske ligg heilt nede. Til vanleg har me ganske mange overnattingsdøgn i løpet av sommaren som er knytt til fiske. No er det heilt borte.

– Såg det ikkje kome

Det har vore nokre tøffe år for reiselivet i Hallingdal, også for Hesla på Oset. I samband med pandemien kunne bedrifter søke om omstillingsmidlar, det gjorde Hesla. Dei midlane ho fekk brukte ho til å satse på vassaktivitet ved fjorden. Vasskanten Kafé og båtutleige.

– Eg såg verkeleg ikkje dette kome. Eg brukte absolutt alle midlane mine på dette. Og me brukte ein del på marknadsføring. Leigde inn fotograf til å ta bilete og videoar. No har det ingen verdi lenger. Me kan ikkje bruke det materialet så lenge vassaktivitet er eit fokusområde. Det vil vere å føre folk bak lyset, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Regjeringa vurderer makspris på straum

Koronapandemien var tøff, men sende mykje folk på norgesferie. Det har vore nokre gode somrar på Oset. Kontrasten til det som skjer i år, er derfor stor.

– Me opplever ein nedgang som me utan tvil kan knytte til forholda i TIsleifjorden, seier Hesla.

– Det er eit slags mareritt. Og folk er ekstremt opptatt av dette. Eg er lei av å snakke om vasstand no. Alle kommenterer det.

Meir bekymra no

I tillegg til låg vasstand, har høge straumprisar skapt hovudbry. Det har ikkje vore nokon enkel vår og sommar.

– Eg er meir bekymra no enn eg var under koronaen. Me vart tatt litt på senga av dette, seier Hesla. Ho snakkar om kraftpolitikken, og trur ikkje politikarane har skjønt konsekvensane av dei avtalene som er gjort med eksport av straum. Ho synest det er frustrerande å sjå at verdien av fjorden blir fortrengt, at krafta og omsetninga verker å vere meir i fokus enn kulturen og reiselivet på Golsfjellet.

I mai snakka Hallingdølen med Foreningen til Bægnavassdragets Regulering, Øyvind Eidsgård. Han sa då at han gjerne skulle ønskt at forholda var annleis, men at det hadde vore lite nedbør og at dei må halde seg på rett side av minstevassføringa.

I juli er minstevassføringa sett til tre kubikkmeter i sekundet. Dette gjeld fram til november. Fredag vart det ifølgje foreninga sine heimesider tappa fire kubikkmeter i sekundet.

Må jobbe med saka

Hesla fortel at ho har prøvd det ho å kan å påverke avgjerder rundt vasstanden i Tisleifjorden. Ho har enda opp i olje- og energidepartementet. Lenger kjem ho ikkje: Beskjeden er at dei er tilbake 1. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg har fått nokre svar. I slutten av september vil fjorden truleg nærme seg normalen. Men då er sesongen over, både for fiske og ferie, seier ho.

Les også
Puh! Så nær var varmerekorden å bli slått i går

Hesla kan likevel ikkje gi seg. Ho må jobbe vidare med dette. Ho har ikkje råd til anna.

– Eg ser at eg har ein tung og kronglete veg å gå. Men eg kan ikkje legge det frå meg, seier ho.

– Eg ser at eg må bruke tid på dette. Parallelt må eg finne andre moglege aktivitetar. Folk har eit veldig fokus på opplevingar. Eit hotell dekkar berre primærbehova. Folk må ha «reasons to go» også.

Men éin ting gir ho både glede og håp:

– Me har lokale innbyggarar og hyttefolk som prøver å spele oss gode. Som brukar tilbodet vårt. Det motiverer meg til å krumme nakken og stå på. For innimellom kjenner eg at «nei, no er det nok», seier ho.

– Men når ein kjenner at ein har ein heiagjeng, er det lettare å stå på, sjølv om det ser ut som det ikkje er ende på utfordringane.

Nokre kanoar og kajakkar er det einaste tilbodet Gudrun Hesla kan ha når det gjeld båtutleige.
Det er langt frå Vasskanten Kafe og ned til vatnet.
Kafeen, som skulle lege ved vasskanten, kan omtrent berre skimtast i det fjerne.