176 personar i Hallingdal og Nore og Uvdal er utan arbeid, viser tala frå NAV Buskerud i januar.
176 personar i Hallingdal og Nore og Uvdal er utan arbeid, viser tala frå NAV Buskerud i januar.

Låg arbeidsløyse

176 personar er utan jobb i Hallingdal og Nore og Uvdal.

Fredag presenterte NAV Buskerud arbeidsløysetala for januar.

Totalt er 4055 personar utan arbeid i Buskerud. Det utgjer 2,8 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på ti prosent samanlikna med fjoråret. I Hallingdal og Nore og Uvdal er 176 utan jobb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fordeler seg slik med prosent av arbeidsstyrken og endring frå året før:

* Flå: 14 personar, 2,6% (+3)

* Nes: 28 personar, 1,6% (+5)

* Gol: 34 personar, 1,3% (-1)

* Hemsedal: 25 personar, 1,8% (+6)

* Ål: 28 personar, 1,1% (-10)

* Hol: 31 personar, 1,2% (-3)

* Nore og Uvdal: 16 personar, 1,1% (-12)