Ei kvinne omkom i ein frontkollisjon mellom ein personbil og ein semitrailer i Hemsedal.
Ei kvinne omkom i ein frontkollisjon mellom ein personbil og ein semitrailer i Hemsedal.

Kvinne omkom i trafikkulykke

Ein person omkom i ei trafikkulykke i Hemsedal. Ulykka skjedde like etter klokka 19.00 i kveld.

Dødsulykka skjedde på Rv52 fem kilometer aust for Ulsåk, ved Flåmyri. Ifylgje politiet frontkolliderte ein semitrailer med ein personbil. Den omkomne er føraren av personbilen, ei kvinne. Føraren av semitraileren vart sendt til legesjekk, men skal vera fysisk uskadd. Derimot er han sterkt prega av ulykka, opplyser politiet. 

Motsett køyrefelt

Politiet fekk melding om ulykka klokka 19.03. Det var sjåføren av semitraileren som melde frå til politiet. Sjåføren, ein mann i 40-åra frå Vestlandet, opplyste at det hadde skjedd ei alvorleg trafikkulykke og at ein person var hardt skadd. Den eine bilen skal ha kome over i motsett køyrefelt. Operasjonsleiar Truls Fjeld ved Sør-øst politidistrikt ynskjer ikkje å si noko om kven av bilane som skal ha kome over i feil køyrefelt. Dette vil ein finne ut av i dei pågåande undersøkingane på ulykkesstaden, seier Fjeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen passasjerar

Alle naudetatane rykka ut. Også luftamabulansen i Ål. Legen på luftambulansen kunne raskt fastslå at føraren av personbilen var død. Politiet har identifisert den omkomne.

- Me er ganske sikre på kven den omkomne er, men ynskjer ikkje å gå ut med meir informasjon i denne omgang, seier Fjeld. Det skal ikkje ha vore andre passasjerar i personbilen eller semitraileren.

Rutine

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er no på ulykkesstaden for å gjere undersøkingar. Også Statens havarikommisjon for transport er varsla og vil kom til Hemsedal. Dette er ifylgje Fjeld rutine ved alle ulykker der køyretøy over 7,5 tonn er involvert.

Ifylgje politiet skal den eine av bilane ha kome over i motsett køyrefelt.
Ifylgje politiet skal den eine av bilane ha kome over i motsett køyrefelt.

Rv52 er inntil vidare stengt. Ifylgje Statens vegvesen vil den vera stengt inntil ein har fått rydda opp på ulykkesstaden og politiet har gjort seg ferdige med alle undersøkingar.

Omdirigering

All trailertrafikk på Rv52 blir no omdirigert over Golsfjellet/Filefjell eller Rv7 Hardangervidda. For personbilar er det etablert lokal omkøyringsveg over Fv224 Robru-Ulsåk.