Statsadvokaten fekk gjennomslag for anken. (Arkivfoto)
Statsadvokaten fekk gjennomslag for anken. (Arkivfoto)

Kvinne må i fengsel

Fengsel på vilkår vart gjort om til soning i fengsel for ei kvinne frå Ål.

I Hallingdal tingrett vart ho dømt til fengsel på vilkår i 24 dagar og 45.000 kroner i bot for å ha køyrt bil i rusa tilstand i Ål for eitt år sidan.

Ho hadde teke tablettar for å få sova, men ho var ikkje køyrbar på jobben dagen etterpå. Ho rygga inn i eit gjerde, punkterte og skrapa opp firmabilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsadvokaten anka dommen i tingretten. No har Borgarting lagmannsrett skjerpa dommen betrakteleg. Retten konkluderer med at kvinna hadde ein påverknadsgrad som samsvarte med ein promille på over 1,2 og gjorde om straffa på vilkår til 24 dagar utan vilkår. Ho må sone i fengsel. Bota vart redusert til 33.000 kroner, og tapet av førratten på to år frå tingretten blir ståande.