Nattcup på samfunnshuset i Gol blir arrangert av dei som går siste året på idrettslina. Ladyglitter Gnist-spelar Emily Bryplass går første året. - Me ser opp til dei i tredje som arrangerer dette.

Finalekampen gjekk først klokka 05.00 - sjå stor fotoserie frå nattcupen: – Me er superglade for at idrettslina ikkje vart lagt ned

Omlag 140 spelarar med stort og smått konkurrerte i Nattcupen i Gol fredag. Eller rettare sagt - frå fredag til grytidleg laurdag morgon.

Gjennom heile natta vart det arrangert kampar i Gol samfunnshus. Nattcupen er populær og har kring 140 spelarar frå 15-22 år.

Nattcup på samfunnshuset i Gol blir arrangert av idrettslina kvart år. Det er 3.-klassingane som står for arrangementet der 28 lag kjempar om sigeren. Siste kampen er beramma til klokka 05.00 laurdag morgon. Det blir ei lang natt. Frå venstre: Ingrid Situ, Elise Nibstad og Bjørg Venås.

– Men og femtiåringar. Me har lærarlag også, smiler gutane Adam M. Martinsen og Simen Skogholt, som er avgangselevar på Idrettslina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er dei 22 avgangselevane som arrangerer Nattcupen. I tillegg må kvar elev ha med seg ein vaksen. Så dei er mannsterke.

– Dette er ein del av faget til elevane på idrettslina. Dei arrangerer nattcup, og to volleyballcupar, fortel lærar på lina, Trude Andersen Børtnes.

Det blir ei lang natt for Tyra Sjøgren (fv.) og Fenja Money.

28 fargerike lag

– Me har 28 lag, fortel Martinsen og Skogholt. Dei sit innanfor døra og instruerer spelarar og lag som kjem fargerike forbi. Politi, cowboyar, Foodora og Trump-capsar. Hårete leggvarmarar i knallrosa og glitter og stas susar forbi. Til og med pølse i brød.

– Er det påbode med utkledning?

– Nei, men det er vorte tradisjon å kle seg ut etter lagnamna, smiler Martinsen.

På slutten av cupen blir beste lag med beste kostyme kåra.

– Klokka 22.15 har me show-kamp der spelarane har straum-band kring leggen. Publikum sender inn namn på kven dei tykkjer skal få støyt, fortel Martinsen.

Siste kampen er beramma til klokka 05.00 laurdag morgon.

141 tilskodarar er allereie klokka 20 registrert via qr-koden, der dei betaler inn på vipps. I løpet av nattcupen var 300 publikum innom, i tillegg til alle som spelte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me samlar inn pengar til treningstur, så me er avhengige av publikum, smiler gutane. Adam leier an opp trappa forbi frynsete vestar og cowboyhattar.

– Me har jobba hardt for at idrettslina skal bestå. Dette er berre noko av det me driv med, fortel Martinsen.

Nattcup på samfunnshuset i Gol.
Adam M. Martinsen i avgangsklassen på idrettslina er glad for at lina vil halde fram - til glede for langt fleire enn dei som går der.
Les også
Vurderer å flytte om skuletilbodet blir borte: – Min fyrste tanke var kva som vil skje med min familie

Grytidleg finalekamp

Det er enno tidleg på kvelden, og finalekampen er laaaangt unna førebels.

Den går nemleg ikkje før klokka 05.00. Grytidleg laurdag morgon.

Finalekampen har aldri tidlegare vore så sein.

– Me brukar å gå heim klokka 05, smiler lærar Børtnes.

Fyrste kampen starta klokka 17, så går det slag i slag med ny 8-minutts-kamp kvart tiande minutt.

Øyvind Rodegaard (f.v.), Vetle Haugo, Trym Mikkelsplass, Dawid Pychyrek, Joakim Gaptjern, Heine Levorsen og Steffen Eriksen (nede t.h.).

På nattcup kan ein stille med herrelag, damelag eller mixed-lag. Eit lag har fem spelarar på banen samtidig, og må bestå av minimum seks spelarar for å vere med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit reint damelag startar med tre mål i pluss. Mixed-lag startar med eit mål i pluss.

Næringslivet stiller opp og sponsar med mange flotte gevinstar. Vinnarane får vandrepokalen frå HFK.

Det er tradisjon at spelarane kler seg ut til nattcup.
Les også
Varsku frå «Jansen» om HFK og idrettslina: – Me vil miste veldig god kompetanse i Hallingdal

Ekstraaktivitetar

I tillegg til spennande kampar med spelarar i gøyale kostyme, som «pølse i brød»-kostyme som strever litt med å springe, er det og høve til andre aktivitetar under nattcupen.

Skyting på blink og minifotball går føre seg ute i korridoren.

Her finn me Ingrid Situ, Elise Nibstad og Bjørg Venås. Dei skal spele om eit kvarter og er veldig gira.

28 fargerike lag kjempar om sigeren.

– Me er glade for at idrettslina ikkje vart lagt ned, strålar dei medan Synnøve Bekkestad tilsynelatande knuser Kristian Intelhus i minifotball.

Emily Bryplass glitrar oppe blant tilskodarane. Ho går fyrste året på idrett og kan knapt vente til dei skal arrangere nattcup.

– Dei i tredjeklasse er skikkelege inspiratorar for oss. Me er superglade for at lina ikkje vart lagt ned. No kan me glede oss til å arrangere dette sjølv, glitrar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ladyglittergnist, vann B-sluttspel. Bak står Hans Oust (f.v.), Torjus Bråten-Espe og Tobias Vedvik Markussen. Framme står Julie Hovdegard (f.v.), Emiliy Bryplass og Martine Brenna.
Vann A-sluttspel: bak f.v Erlend Rue, Eirik Thorberg, Abbas Amir, Mikkel Storeskar. Foran f.v Markus Thorberg, Per Oskar Stave og Sangin Lee.
Gjøa Gjengedal (f.v.), Oda Brattegard, Anne Sataslåtten, Silje Løstegard Gilen og Vilde M. Svanheld.