Kva skal fjellrevkvalpane heite?
Langedrag Naturpark med namnekonkurranse.
I juni skreiv Hallingdølen om hunden Arja som vart fostermor for to små fjellrevkvalpar på Langedrag. Dei vart henta frå ein revefarm då dei var to og ei halv veke gamle, ein hann og ei tispe. No skal dei to små kvalpane få namn.
– Alle dyra på Langedrag har namn og årets dyreungar er ikkje noko unntak, fortel Gro Saugerud.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sundag 30. juli blir det arrangert namnedag for årets dyreungar. No kunngjer Langedrag ein konkurranse for å finne to gode namn til fjellrevkvalpane.
– Me håpar det kjem inn mange gode forslag. Dei beste forslaga vil bli lagt ut til avstemming på Langedrag Naturpark sine facebooksider, forklarar Saugerud.
Vinnarane av konkurransen vil få gratis inngang i parken på namnedagen og eit eige spesialbesøk hjå revane saman med dyrepassar. Frist for å sende inn forslag på e-post «grosauge@online.no» er sundag 23. juli.