3. Rune Antonsen, avtroppande kommunedirektør Nore og Uvdal.

Kva hugsar du frå veka som har gått?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. «Det er på tide å dra i handbrekket», sa Venstre under ein hyttedebatt i Gol kommunestyre. Kva er partiet mest uroa for?

2. ... Og kva konkret foreslo partiet som botsmiddel?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kvifor sluttar Rune Antonsen som kommunedirektør i Nore og Uvdal?

4. Kva heiter ordninga der fleire matprodusentar saman leverer varene sine direkte til kundane på avtalte stad og tidspunkt?

5. Kva to hallingar sikra seg pallplassar under NM i rulleskiskyting, i seniorklassene?

6. Kva er tema i Gunn Marit Nisjas ferske roman?

7. Kven er tilsett som rektor ved Gol vidaregåande skule?

8. Saltdalshytta vil satse i Hallingdal, - kvar?

9. Kva gåve fekk Hemsedal bibliotek nyleg av Bjørn Holte?

10. ... og kvifor gav Holte denne gåva?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. At viktig kulturlandskap er i ferd med å gå tapt på grunn av hyttebygging.

2. Byggestopp for nye hyttefelt og slutt på bygging over 700 m.o.h. i Gol.

3. Han føler han ikkje blir høyrd av dei folkevalde, og at politikarane grip inn i fullmakta hans som kommunedirektør.

4. Reko-ring.

5. Vetle Sjåstad Christiansen nr. 2 og Åsne Skrede nr. 3. Båe frå Geilo.

6. Ung demens, og handlinga er lagt til Gol.

7. Anita Ulsaker (41).

8. I området Primhovda sør i Ål. Satsinga inneber 143 tomter og utviding av skiheisen.

9. Rundt 50.000 kroner som gjekk til innkjøp av engelske barnebøker.

10. Då kona Ingebjørn Wøllo døydde av kreft for snart fire år sidan ville Holte heidre minnet hennar ved å gi pengar til eit godt føremål.

Geolog Graeme Carey, landskapsarkitekt Kari Havnevik og hydrometeorolog Galina Ragulina undersøker vannmassene ovafor Uvdal stavkyrkje. Uvdal har ei av få kyrkjer i Norge som skal sikrast mot eventuelle flaumar og ras i framtida.