Lege Jørn Ingve Tømmerstrand og sjukepleiar Marianne Fluto testar potensielle koronasmitta. (Arkivfoto)

Koronasmitte på NTG Geilo

Ein trenar på toppidrettsgymnaset på Geilo har testa positiv for covid-19.

Trenaren skal ha blitt smitta i eit familieselskap utanfor Hallingdal. Prøvesvaret kom på onsdag og trenaren har vore i karantene sidan tysdag. Ein annan trenar og fire elevar er har blitt testa, men prøvene har vore negative.

Under kontroll

Kommunelege i Hol og Ål, Geir Strømmen fortel at situasjonen er under kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Smittesporingsarbeidet har vore godt og situasjonen er under kontroll. Trenaren sit i isolasjon, seier Strømmen.

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen

Samtidig fortel Strømmen at NTG har gjort alt riktig.

– Dei har følgt alle reglar og gjort ting riktig, så NTG skal ha ros for det. Om ikkje kunne me hatt eit større utbrot.

Digital undervisning

All felles trening og aktivitet på NTG Geilo vart umiddelbart stoppa. Frå i morgon vil all undervisning skje digitalt og trening individuelt.

Les også
Hallingdal opprettar felles smittesporingsgruppe
Les også
Vil ha felles kommuneoverlege i Hallingdal
Les også
Barnehuset