Eit tre som fall over ei kraftline starta ein mindre brann i Nes onsdag kveld. Rask utrykking gjorde at det berre brann på eit kring to mål stort område.
Eit tre som fall over ei kraftline starta ein mindre brann i Nes onsdag kveld. Rask utrykking gjorde at det berre brann på eit kring to mål stort område.

Kontroll på brann i Nes

Eit tre over ei kraftline og bålbrenning sette brannberedskapen på prøve i Nes onsdag kveld.

Same dag som brannvesenet i Hallingdal gjekk ut med åtvaringar om ekstremt stor skogbrannfare og totalforbod mot open eld vart det tent bål ved Trytetjern i Nes onsdag kveld.

Bålet var sløkt då politiet kom til staden i 20-tida og dei som hadde gjort opp eld var reist frå staden. Heldigvis førte ikkje bålet til nokon brann. Brannvesenet rykte ikkje ut til Trytetjern.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les om totalforbod mot open eld her.

Velta tre starta brann

Det starta derimot å brenne i området Haugajordet ved avkøyringa til Fekjan, også det i Nes, like før klokka 19.

Brannen starta då eit tre fall over ei kraftline. Det har brenne i eit område på kring to mål, melder Kolbjørn Ødegård, vakthavande i Hallingdal brann- og redningsteneste IKS.

- Takka vere raskt og effektivt mannskap og god tilgang på vatn fekk me raskt kontroll, seier han.

I 1930-tida melde politiet på Twitter at brannen ikkje var under kontroll, men ein times tid etter var det kontroll og vart arbeidd med ettersløkking.

Viktig melding

Ødegård minner om at faren for brann er stor, på grunn av lang tids tørke utan nedbør.

- Det er strengt forbode å gjere opp eld utandørs, seier han.