Dette biletet er frå koronatesting på Geilo sist veke. På biletet står Karianne Nestegard i døra.

Kapasiteten sprengt etter smitte-eksplosjon: – Strikken er tøygd så langt me klarer

På to dagar har 45 personar blitt koronasmitta i Hol. Testing og smittesporing krev enorme ressursar. Alt som finst av helsearbeidarar gjer alt dei kan - men dei er slitne.

– Me har alle ressursane våre i sving, og me omrokkerer slik at me greier å teste alle som treng det. Det er svært krevjande arbeidsforhold no, og strikken er tøygd så langt me klarer, seier kommuneoverlege Silje Koldal.

Hallingdølen pratar med ho rett før ho må flyge inn på luftvegsvakta for å ta ei ny tørn. Dei siste dagane har det rett og slett kokt i Hol. På berre to dagar har det ramla inn 45 nye smittetilfelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

15 av desse er knytt til ulike klassetrinn i skulen, og noko til barnehage. Sist veke melde Hallingdølen om smitte mot Høgehaug, men det er førebels kontroll på all smitte knytt til sjukeheimen.

Vanskeleg å spore

Onsdag var over 70 personar kalla inn til testing på Geilo. Kommuneoverlegen ventar fleire positive prøver. Det er framleis slik at kommunane skal følgje den såkalla TISK-strategien, dei skal teste, isolere, smittespore og setje folk i karantene. Testinga tar veldig mykje kapasitet.

Les også
Kan vere i ferd med å nå smittetoppen: 279 nye tilfelle sist veke

No begynnar det å bli utruleg krevjande å smittespore.

– Det er svært vanskeleg å finne klare smittevegar no, me står ved eit vegskilje der dette ikkje lenger verkar mogleg å få dette til. Målet no er å teste alle som treng det, gi god informasjon og setje folk i karantene, seier Koldal.

Hildegunn Grøtt var av dei som jobba med testing på Geilo sist veke.

Det betyr at Hol snart er tvungne til å tenke annleis om smittesporing.

– Det er kapasiteten som avgjer når me må gå over til at den smitta igjen må ta ansvar for sine nærkontaktar, seier Koldal.

Les også
Her sporar dei koronaviruset nærmast døgnet rundt: - Sist måndag jobba me 16 timar

Slik har det vore tidlegare, då smitta i Norge var langt lågare. Då hadde folk eit ansvar for sjølv å varsle sine nærkontaktar om ein vart smitta. Dit kan altså Hol snart kome.

Ber om hjelp

Midt i kaoset er det ikkje lett å svare på kor oversiktleg situasjonen er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er vanskeleg å seie noko om kontroll i ein slik situasjon. Pandemien lever sitt eiget liv i takt med kor flinke me er til å halde avstand, ha få nærkontaktar og halde oss heime om me får symptom. Me har kontroll på dei prosessane me kan ha kontroll på, men kvar og enkelt av oss må gjere ein innsats, seier Koldal.

Les også
Sju smitta i barnehage - held opent som vanleg

Med det ber ho innbyggarane i Hol om hjelp:

– No er verkeleg tida inne for nok ein gong å vere gjerrig på å ikkje ha for mange nærkontaktar. Hald avstand, og test deg raskt om du får symptom.

– Er de som jobbar i førstelinja slitne no?

– Eg er i alle fall mektig sliten, så eg reknar med dei andre også er det.

Den krevjande koronasituasjonen var tema også då formannskapet i Hol møttest onsdag morgon. Rådmann Ole Johnny Stavn poengterte utfordringane med slitasje på helsepersonellet.

– Dette slit på mannskapa. Me håpar på ei pustepause fram til vinterferien, sa han.

Mange vart kalla inn til testing på Geilo onsdag formiddag.
Les også
11 smittetilfelle blant skuleelevar i helga: – Har den oversikta me treng
Les også
Isfiskarar uroa for tryggleiken - no lovar Statkraft betre skilting
Les også
Kva vil eit nytt fylkeshus i Viken koste? Svar: Null!