Begge eigarkommunane bak Hol og Ål felleskjøkken hadde i fjor kjøkkentenesta oppe til vurdering. No foreslår politikarar i Ål å involvere Vinn og Nav i drifta.
Begge eigarkommunane bak Hol og Ål felleskjøkken hadde i fjor kjøkkentenesta oppe til vurdering. No foreslår politikarar i Ål å involvere Vinn og Nav i drifta.

Kan busette flyktningar redde felleskjøkkenet?

Hol og Ål felleskjøkken har kniven på strupen. Kan eit samarbeid med Vinn eller Nav får økonomien på rett kjøl?

Det er politikarane i sektorutval for helse og omsorg (SHO) i Ål som lanserer ideen. Etter at utvalet hadde fått ein gjennomgang av økonomien i sektoren 26. januar, la dei fram fleire forslag, inkludert dette:

Ein ber administrasjonen gjere greie for om det er mogeleg å involvere Vinn/Nav i eit samarbeid om kjøkentenester. Ein ser for seg lågterskel sysselsetting av «utsette grupper, til dømes innan rus/psykiatri og busette flyktningar», heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er med bakgrunn i vedtak gjort under strategikonferansen sist på fjoråret ein no ønskjer dette greidd ut. Den gongen vart det også gjort vedtak om styrkingsmidlar. Desse er no fordelt slik:

n Den «5. nattevakt» blir eit fast tiltak.

n Dagsentera skal halde fram med same omfang som før.

n Styrking av grunnbemanninga i omsorg og rehabilitering.