– Eg har vakse opp med at alle andre har ei anna sanning enn meg. Det er ikkje nytt, seier Anja Catrine Venås.
– Eg har vakse opp med at alle andre har ei anna sanning enn meg. Det er ikkje nytt, seier Anja Catrine Venås.

Kampen held fram for Anja etter "Jeg mot meg"

Tysdag sende NRK siste episode av «Jeg mot meg». Anja Catrine Venås (23) sit att med blanda kjensler.

Dei siste fire vekene har heile Norge fått eit innblikk i kvardagen til åtte unge vaksne med psykiske lidingar.

– Det har gått så fort. Plutseleg var heile serien vist på TV. Eg sit att med litt blanda kjensler. Serien er fin, og det ser ut til at den alt har hjelpt mange. Men for min del skulle eg ynskje den vara lenger. At me fekk tid til å utdjupe litt meir, og gå gjennom fleire tema som folk hadde hatt godt av å høyre om, seier Anja Catrine Venås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Angst

Dei åtte deltakarane i sesong to av «Jeg mot meg» opnar opp om ei rekkje ulike utfordringar. Flyktningbakgrunn, krig og traumar, angst, depresjon og einsemd, for å nemne noko. Dei i alt åtte episodane viser utdrag frå gruppesamtalar og opptak deltakarane har gjort sjølve. Berre ein brøkdel av det dei har prata om er tatt med i serien. Til dømes pratar Anja om angstdiagnosen ho fekk som 12-åring. Noko som batt henne og ein av dei andre deltakarane tettare saman.

– Eg og Lynneth hadde båe same type angst då me var små. Det kan vera flaut for ein 12-åring å seie at ein ikkje tør å sove åleine på sitt eige rom. Det hadde vore fint om det hadde kome fram, dersom det finst andre der ute som har det slik. Då kunne dei sett at «å ja, ho sleit med det. Og ho fann ei anna som sleit med det same». Kanskje kunne det hjelpt nokon til å sjå at angst ikkje er flaut.

Åleine same kva

Deltakarane har framleis i kontakt via ei Facebook-gruppe. Dei har også kontakt med psykolog Peder Kjøs, og resten av støtteapparatet knytt til produksjonen.

Deltakarane i "Jeg mot meg".
Deltakarane i "Jeg mot meg".

– I serien ser det kanskje ut som om eg er veldig åleine med problema mine. Mamma har alltid vore min største støttespelar, og er det framleis. Det har vorte filma heile telefonsamtalar med henne, der ho har hjelpt meg gjennom angstanfall. Men somme gonger er psyken så langt nede, at det ikkje hjelper kva ho seier. Sjølv om det er rasjonelt og riktig. Det er litt dumt at det ikkje har kome fram at ting kan kjennest jævlig, sjølv om ein har folk som støttar ein.

Sanning

I serien fortel Anja mellom anna om ein vanskeleg oppvekst i heimbygda Gol, og korleis hendingar i oppveksten har påverka livet hennar. Om korleis ho vart mobba og utestengt.

– Klarar du å akseptere at det kanskje finst dei som har ei anna sanning enn deg?

– Eg har vakse opp med at alle andre har ei anna sanning enn meg. Det er ikkje nytt. Det nye er at eg fortel mi side av historia. Det finst folk som meiner det eg opplevde ikkje var så alvorleg, og at dei ikkje har vore ein del av det. Men både eg, mamma og fleire i skulen veit kva som har skjedd. Det finst òg dei som har kome til meg i ettertid, uavhengig av «Jeg mot meg», som er veldig lei seg og veit dei har gjort noko gale. Eg har ikkje trudd på mi eiga sanning. No er eg tryggare på at eg har mi historie, sjølv om nokon meiner noko anna. Det kjennest herleg å vera trygg på det. Det gjer det lettare å leggje fortida bak seg utan å dvele for mykje ved ting som har skjedd.

Heim til jul

Undervegs i serien har ho fått mykje respons. Både frå kjende og ukjende.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei lengste meldingane har kome frå folk eg ikkje kjenner, som har sett meg på TV. Frå Gol har det ikkje kome mykje. Det er det nok ein grunn til. Eg har fått melding frå éin som har vore involvert i ting som har skjedd. Men eg veit jo at fleire har fått med seg serien, seier Anja. – Så eg veit ikkje heilt korleis det blir å kome heim til jul, legg ho til.

– Gruar du deg?

– Ja. Eg skal faktisk heim til Gol neste veke. Og eg veit dette er eit tema det blir prata om, fordi Gol er ein såpass liten plass. Eg er veldig nervøs. Eg hadde det ikkje bra då eg budde på Gol, og eg veit det finst folk som er sinte fordi eg har vore så open. Men eg har brukt eit år på å manne meg opp til at serien skulle gå på TV, så det skal gå bra for min del.

Anja håpar TV-serien kan hjelpe folk med liknande problem til å kjenne seg mindre åleine.

– Eg håpar folk ser at det er greitt å ha det vanskeleg. At det ikkje er så masse stigma kring psykiske problem som ein kanskje skulle tru, og at det til dømes ikkje er så farleg å gå til psykolog. Kanskje kan det også hjelpe folk som ikkje har opplevd noko liknande, til å betre forstå korleis kvardagen kan vera for dei som slit.