Liv Berit Bruvik Thulin og familien håper at folk held auga opne når dei ferdas i fjellet.

Jippi (15) forsvann frå hytta - eigaren ber om hjelp: – Det er så vondt å ikkje vite

Den 15 år gamle tispa forsvann fredag kveld. No leiter eigaren døgnet rundt.

Jippi forsvann frå hytta på Kikut, nærmare bestemt Lunningshaugen. No er eigar Liv Berit Bruvik Thulin på leit dag og natt, fortvila over å ikkje vite kvar hunden er.

Den 15 år gamle gordonsettertispa Jippi forsvann frå hytta på Kikut, nærmare bestemt Lunningshaugen.
Les også
Har stadig håp om å finne Apo

– Jippi forsvann ved 21 tida på fredag kveld, sidan har ingen sett henne. Eg er bekymra for kva som har skjedd henne, ho er ein gammal hund, seier Thulin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har blitt prøvd å leite med drone, og familien har sjølv vore ute og leita overalt i nærområdet. Det har kome eit og anna tips, men ikkje noko som tydar på at det kan ha vore Jippi.

– Men i går fekk eg eit tips om nokon som hadde høyrd bjeffing på andre sida av myra, ved Lomtjødnlie, så i dag skal eg bruke dagen i dette området, fortel Liv Berit Thulin.

– Me er så glad i Jippi, ho er ein heilt fantastisk hund. Me vil vite kva som har skjedd med henne. Og har det verste skjedd, så vil me vite om ho har fått fred, før me klarar å få fred, seier eigaren Liv Berit Bruvik Thulin.

Fryktar det verste

– Eg er redd for at ho har hatt eit illebefinnande, ho er jo ein gamal hund. Men eg kan ikkje berre gi opp, me håper å finne ho uansett kva som har skjedd. Det er så vondt å ikkje vite, seier Thulin.

Les også
Her får dei endeleg møte Apo etter 15 dagar på rømmen - sjå det herlege møtet!

Thulin og familien håper at folk held auga opne når dei ferdast i fjellet.

– Me er så glad i Jippi, ho er ein heilt fantastisk hund. Me vil vite kva som har skjedd med henne. Og har det verste skjedd, så vil me vite om ho har fått fred, før me klarar å få fred, seier den fortvila eigaren.

Politi er varsla og hunden er etterlyst via Rømlingen.

Les også
Dykk i arkivet: Kjenner du att nokon av desse frustrerte tredjeklassingane?
Les også
Dette er den lokale «vinnaren» i statsbudsjettet: – Mykje betre enn frykta
Les også
Sjekk den prisforskjellen: Bustadtomter frå 250.000 kroner til 2,5 millionar