Her får dei endeleg møte Apo etter 15 dagar på rømmen - sjå det herlege møtet!

Sundag fekk familien Rosendal eit etterlengta gjensyn med hunden Apo. Det vart eit rørande møte med lokalsamfunnet som har stilt opp.

Laurdag kom beskjeden om at den ti år gamle familiehunden Apo var funnen i live, etter 15 dagar aleine på fjellet. Familien Rosendal sette kursen mot Norge same kveld. Rundt klokka 10.00 sundag trilla den danske bilen inn til Geilolia hyttetun, der både Apo og leitemannskapet venta.

Les også
Her får familien beskjed om at hunden Apo er funnen i live - sjå den rørande augneblinken

Gjensynet på trammen var til stor glede for både to- og firbeinte. Bjarne, Matilde og Hjalte fekk omsider halde rundt den trufaste kompisen sin att. Den herlege augneblinken vart filma av Kristian Brusletto Kjærholt/GeiloTV, som har latt Hallingdølen bruke klippet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Matilde og Hjalte Rosendal fekk eit etterlengta gjensyn med Apo sundag morgon. Dei kom heile vegen frå Danmark for å hente han heim.

Takka dei gode hjelparane

Turgåarane Tore Fauske Haugen og Ousama Khushfi (18) vart gårsdagens heltar då dei oppdaga Apo bak ei furu i skogen. Dei var også på plass under seansen. Varme ord vart utveksla, og den danske familien uttrykte stor takksemd. For Khushfi og Haugen har det vore ei fin oppleving:

Les også
Funnen i live etter 15 dagar på rømmen: – Det er eit mirakel

– Det er jo berre heilt fantastisk, seier sistnemnde medan Apo tek runden og helsar på alle som er til stades. Trass i at han har vore aleine i 15 dagar, og overlevd alt frå uvêr til bitande kulde, ber han lite preg av å vere merkt for livet. Han tek imot merksemda med stor glede.

– Eg skulle ønske han kunne fortelje oss kva han har opplevd og tenkt, seier Bjarne Rosendal.

Bjarne Rosendal takkar 18 år gamle Ousama Khushfi, som fann den sakna hunden i skogen laurdag føremiddag. Det betydde mykje for begge partar.

Apo-effekten lever vidare

Han var med til Norge som far og bestefar. Rosendal var tydeleg rørt over å få kompisen sin tilbake i god behald.

– Det er fullstendig vilt. Me kan nesten ikkje tru det. Utan desse menneska hadde me ikkje fått han tilbake, seier han til Hallingdølen. Rosendal vart overraska då dottera ringde og fortalde nyheita:

– Me trudde ikkje han ville klare seg i 15 dagar. Han er ikkje vant til desse forholda, seier han. Men etter alt å døme han Apo kome unna det heile med relativt god helse.

Les også
Engasjementet for å finne Apo: – Eg har aldri vore med på noko liknande

Samstundes har han bidratt til å slå eit slag for folkehelsa på Geilo. Fleire titals lokale og hytteeigarar har lagt bak seg mange kilometer dagleg for å leite etter hunden. Dei har knytt nye kjennskap, og ein innsamlingsaksjon har ført til at Geilo Røde Kors får sin eigen SAR-drone (search and rescue).

– Ein kan kanskje kalle det Apo-effekten?, seier Bjarne Rosendal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gleda var lett å spore hjå den firbeinte kjendisen også. Han tok runden og helste på alle som var til stades. Ekstra stas var det å få møte familien att.

– Me skal tilbake

Etter kvart strøymde det på med folk som har vore engasjert i leiteaksjonen. Dei ville helse på både familien og den heltemodige bearded collien alle pratar om.

– Då eg fekk vite at han var funnen måtte eg berre grine, seier Irene Jonassen. Ho er blant dei som har leita kvar dag sidan Apo forsvann. Sundag tok ho turen frå Skurdalen til Geilo for å møte familien Rosendal att.

Danskane reiser heim i kveld. Matilde Rosendal slit med å setje ord på kjenslene. Ho er usikker på om det same ville ha skjedd i Danmark, og takkar lokalsamfunnet som har stått på.

– Hadde me mista han for godt, trur eg det ville vore vondt å kome attende til Geilo. Men no er me ikkje i tvil. Me skal tilbake.

Les også
Sjå første episode av Hallingdølens nye serie «Idrettsdraumen»
Les også
Rår serveringsstader til å halde musikkvolumet nede: – Folk går tettare innpå kvarandre