Solveig Vestenfor, ordførar i Ål og regionrådsordførar i Hallingdal, her frå då ho snakka til transportkomiteen på Stortinget i Ål kulturhus.

Intens dragkamp om Ringeriksbanen: – Det er eit momentum for banen no

SV og dei borgarlege partia prøver å finne ei løysing for Ringeriksbanen. Det helsar Solveig Vestenfor (Ap) velkommen.

– Det er eit momentum for Ringeriksbanen no. Eg kryssar fingrane, seier regionrådsordførar i Hallingdal, Solveig Vestenfor, ni dagar før transportkomiteen på Stortinget skal kome med si innstilling til ny Nasjonal transportplan (2023-2036).

Det er ikkje hennar eiga regjering ho set si lit til, men SV som før helga braut forhandlingane om Nasjonal transportplan med regjeringspartia. No søkjer SV samarbeid med opposisjonen for å få gjennomslag for sine viktigaste saker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt av dei er Ringeriksbanen.

– Me får gode signal frå opposisjonen, og det er spennande dagar. Så håpar eg det kan bli eit fleirtal som også gjer at ein i neste omgang får finansiert prosjektet, seier Vestenfor.

Håpar Ap blir med

Solveig Vestenfor har heile vegen argumentert for Ringeriksbanen, og meiner det er viktig å kome i gang raskt med det ferdig utgreidde prosjektet. Regjeringa derimot vil skuve Ringeriksbanen ut av Nasjonal transportplan, og i fyrste omgang berre bygge veg.

Les også
SV bryt forhandlingane om Nasjonal transportplan - søker fleirtal hjå andre

Vestenfor kjempar med andre ord mot sine eigne, men har full støtte både i Hallingdal og Buskerud.

Kva faglege råd har samferdselsminister Jon-Ivar Nygård fått?

– For vår side håpar eg regjeringa er med på eit positivt vedtak om Ringeriksbanen, viss denne prioriteringa kjem frå dei andre partia, seier ho.

Faglege råd

Dei siste dagane har media skrive mykje om kampen for Ringeriksbanen. Bergens Tidende refererte nyleg til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) som viste til faglege råd frå jernbaneetatane når han prioriterer dobbeltspor Råde-Fredrikstad til 23 milliardar framfor Ringeriksbanen (32 milliardar + 13 til veg inkudert bompengar).

Bergens Tidende fekk avslag på innsyn i dei faglege råda. Hallingdølen har i etterkant spurt Bane Nor om desse vurderingane er formidla skriftleg til Samferdselsdepartementet.

Svaret frå Bane Nor er at dei inngår i konsekvensutgreiinga for Haug-Seat frå 2021 og reguleringsplanen for Ringeriksbanen i 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prioriteringa står ved lag

Då fagetatane gav sine prioriteringar til Nasjonal transportplan hausten 2023, var konklusjonen likevel klar i fordel Ringeriksbanen:

* Ringeriksbanen vart prioritert med oppstart i fyrste seksårsperiode, i middels ramme

* Haug-Seut - her vart det foreslått å arbeide vidare med konseptet

Les også
Vil bygge Ringeriksbanen og kome raskt i gang: – Håpar av heile mitt hjarte at andre parti følgjer opp

Etter den tid har ikkje Bane Nor kome med andre prioriteringar. Det kjem i svaret Hallingdølen har fått frå Bane Nor:

– Har Bane Nor gjeve departementet andre vurderingar hausten 2023 som seier noko anna enn Jernbanesektorens oppdaterte forslag til prioriteringar 3. oktober 2023?

– Nei, svarar presseansvarleg Anne Kirkhusmo i Bane Nor.

12. juni kjem transportkomiteen på Stortinget med si innstilling til Nasjonal transportplan. Kva blir då sagt om Ringeriksbanen?

– Kasta under bussen

Ap-laga rundt Ringerike er også aktive i kampen for Ringeriksbanen og hadde sist veke møte med partisekretær i Arbeiderpartiet, Kjersti Stenseng.

– Eg fortalde dei korleis det er å bli kasta under bussen, uttaler Jevnaker-ordførar Morten Lafton (Ap) til Bergens Tidende.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ute av transportplanen, ute av Inter City: – Dette er uforståeleg, heilt feil og udemokratisk

Han siktar til Aps tidlegare lovnader og garantien om at Ringeriksbanen skulle bli realisert dersom Ap kom til makta ved siste val.

– Me forstår rett og slett ikkje kvifor dei prioriterer som dei gjer. I tillegg kastar dei inn eit prosjekt til 23 milliardar kroner til ministerens heimby, som ikkje er skikkeleg utgreidd. Me er rasande, uttaler Lafton til avisa

Bergens Tidende fekk kommentar frå Aps fraksjonsleiar i transportkomiteen, Marte Mjøs Persen, som i ein SMS skriv at dei dessverre ikkje hadde funne pengar til Ringeriksbanen. Samtidig framhevar ho at dei gjennom prioriteringa av K5 Arna-Stanghelle viser at dei satsar på Bergensbanen.

– Driv ikkje valkamp

Stian Bakken er varaordførar for Sp i Ringerike kommune. Han reagerer sterkt på at regjeringa har fjerna Ringeriksbanen frå Inter City. Frå 2014 har Ringerike vore den fjerde armen av Inter City, saman med Lillehammer, Halden og Skien. No kryssar han fingrane for at det likevel skal gå vegen for Ringeriksbanen.

– Me kjem ikkje til å drive valkamp for vår eigen regjering slik situasjonen er no. Det som har skjedd er ein skandale. Me var også ein del av Inter City-prosjektet, men så berre sletta dei oss frå kartet, seier Stian Bakken til Bergens Tidende.