SkiGeilo tek no betalt for parkeringa ved alpinanlegget i Vestlia.

Innfører parkeringsavgift ved alpinanlegget: – Håpet er å redusere biltrafikk

1. desember innførte SkiGeilo avgift på nesten alle sine parkeringsplassar.

Dagleg leiar Kevin Eikrehagen har forståing for at det kan kome reaksjonar på tiltaket, men trur dette vil bli meir og meir vanleg. Hovudmålet er å få ned biltrafikken på Geilo.

– Me tek dette eit steg vidare. Moglegheitene for Geilo som tilrettelagd destinasjon med minimal bilbruk, bør satsast på. Me lovar å halde oppe trykket på vidareutvikling av mobilitet, og håpar med dette at fleire vil bruke alternativ til bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

20 kroner timen

Ordninga vart innført 1. desember. Det er OnePark som driftar parkeringa. Betalingsløysingane skal vere enkle. Skilta blir registrert automatisk og betalinga skjer med applikasjonar.

Om prisane, seier Eikrehagen:

– 20 kroner timen opp til ein makspris på 100 kroner på dagtid. For kveldskøyring og idrettslaget sine treningar i Vestlia vil det ikkje krevjast betaling mellom 16 og 21. Parkerer ein lenger enn 12 timar, vil prisen bli 200 kroner. Og det blir sjølvsagt gratis med drop-off i inntil 20 minutt.

Eikrehagen seier erfaring frå betalt parkering i Havsdalen og utfartsparkeringane på Kikut har vist at det får fleire til å velje andre måtar å kome seg til løypene enn med bil.

– Mange har hus, leilegheit eller hytte nær skianlegget eller kan ta skibussen ut på ski.

Les også
Vann for fjerde året på rad: Dette er Norges beste skidestinasjon

Satsar på buss

For SkiGeilo kostar det totalt 4,8 millionar kroner å drifte parkeringsplassar og skibussane gjennom sesongen. Inntektene frå parkeringsavgiftene skal gå til å utvikle dette tilbodet endå meir.

Tre bussar fraktar gjestene mellom alpinanlegga på Geilo.

For etter at selskapet kjøpte inn tre bussar for å frakte gjestene mellom anlegga, har trafikken auka jamt. På dei travlaste dagane brukar 600 skigjester bussane. Eikrehagen seier satsinga på skibussar og no innføring av parkeringsavgift, er i tråd med Hol kommunes handlingsplan for samferdsel.

Her er eitt mål å legge til rette for effektiv persontrafikk utan å auke bilbruk. Likevel har SkiGeilo forståing for dei som må ha bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Av kring 1000 plassar vil me behalde kring 100 plassar ved Geiloheisen avgiftsfritt for alle på dagtid. Herfrå kan ein også ta skibussen direkte til Vestlia om ein heller vil køyre på ski på den sida, seier Eikrehagen.

Les også
No skal kommunen også heise regnbogeflagget: – Det er greitt å vere liberal, men det er på sida
Les også
Foreslår å busette 10 flyktningar i staden for 60: – Folk blir skotne på dørstokken vår. Kan me seie nei?
Les også
– Denne bjørnen er ikkje skoten, så her er det ikkje noko skinn å selje