Ylifossen er ein populær badeplass i Ål, men det kan også vere eit dødsfelle. Elva er nemleg regulert og på få minutt kan idyllen bli til ein sterk foss.
Ylifossen er ein populær badeplass i Ål, men det kan også vere eit dødsfelle. Elva er nemleg regulert og på få minutt kan idyllen bli til ein sterk foss.

– Ikkje bad i Ylifossen

Dagleg leiar i Ål kraftverk fryktar ulykker kan skje dersom folk ikkje sluttar å bade i Ylifossen. Vassdraget er regulert.

– Eg er redd, både som dagleg leiar for Ål kraftverk, men også som mor, seier Erika Bråten.

Den populære badeplassen ved Ylifossen er ikkje trygg, fordi det kommunale kraftverket ligg ovanfor badeområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er skilta og åtvara mot at det kan bli sleppt ut store vassmengder utan forvarsel, anten på grunn av feil i nettet, varmegang eller torevêr. Lange finvêrsperiodar, slik som no, aukar faren.

Hallingdølen var på staden i 2016 for å få demonstrert kva som kan skje. Ein video på hallingdolen.no viser korleis «idyll» blir omgjort til ein foss i løpet av få minutt, ved kontrollert avstenging av kraftstasjonen. Ved akutt stans vil store mengder vatn kome endå raskare.

– Me er uroa for dei mange ungdommane som badar der. Det er ein farleg stad, seier Bråten.

Ved plutseleg driftsstans blir vassmassane mangedobla på få minutt og brått passerer det ti kubikkmeter vatn i sekundet.
Ved plutseleg driftsstans blir vassmassane mangedobla på få minutt og brått passerer det ti kubikkmeter vatn i sekundet.

– Men Hallingdølen kjenner ikkje til at nokon har opplevd dette som farleg i praksis?

– Slik situasjonen er no, er i alle fall faren for at ein kan bli tatt med straumen større enn før.

I 2016 var det på trappene å starte planlegginga av ein ny badeplass i Ål, ved Oppsjø. No er denne planen vedteken, men arbeidet er framleis ikkje i gang. Bading i Oppsjø i år er lite sannsynleg.

– Me har ikkje råd til å miste nokon, seier Erika Bråten, økonomisjef i Ål og dagleg leiar for det kommunale kraftselskapet.