Hallingdølen vann prisen for beste framside under Mediebedriftenes prisfest på Ole Bull Scene i Bergen onsdag kveld. Utgåvesjef Olav Johannes Bøthun og redaktør Lillian Holden tok imot prisen.

Ideen oppstod på ein skogsveg ved Vermefoss - kåra til årets avisside

Hallingdølen stakk av med prisen for beste framside under Mediebedriftenes store prisfest i Bergen onsdag kveld.

Heile den norske mediebransjen var samla for å kåre vinnarar innan ei rekkje kategoriar. Hallingdølen var nominert i fleire klassar, og sikra seg prisen for beste framside med oppslaget «Det store togrøveriet» 8. oktober i fjor.

Saka handla om at regjeringa i forslaget til statsbudsjett ikkje følgde opp framdrifta for Ringeriksbanen, men tvert imot skapte uvisse om prosjektet nokon gong kom til å bli gjennomført.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det store togrøveriet, framsida til Hallingdølen 8. oktober.

– Originalt og lekent

Statsminister Jonas Gahr Støre, samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og finansminister Trygve Slagsvold Vedum spelte hovudrollene i filmplakat-grepet i klassisk togrøvarstil.

Dette uttalte juryen om vinnarsida:

«Kjapt tenkt fra redaksjonen når nådestøtet på en eviglang saga settes av regjeringen i statsbudsjettet. Det som kjennes som en uvirkelig film for lokalbefolkningen, formidles originalt og lekent på avisas forside. En av få forsider man husker fra fjoråret, og den viser at forsidene fortsatt har en stor rolle å spille i avisas historiefortelling. Filmplakat-grepet er annerledes, kreativt og har en umiddelbar stoppeffekt for leseren. Bravo!»

Avisoppslaget vart lagt merke til landet rundt, og vart eit symbol og blikkfang i det politiske arbeidet som følgde med å få regjeringa til å snu i saka, noko som også skjedde.

Framsida til Hallingdølen vart t-skjorter for forkjemparane for Ringeriksbanen. Her held Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb appell framfor Stortinget i november i fjor.

Væra det som kom

Det var utgåvesjef Olav Johannes Bøthun som hadde ideen til framsidegrepet, faktisk fleire veker før statsbudsjettet vart lagt fram.

– Skumle signal Hallingdølen hadde fått ut, tyda på at regjeringa ikkje ville følgje opp Ringeriksbanen slik det var lovd. Me kjenner samferdselshistoria til Hallingdal og væra det som skulle kome, fortel Bøthun.

Ideen fekk han ein sein ettermiddag.

– Eg gjekk langs ein skogsveg ved Vermefoss i Gol då eg kom på ideen om togrøveri. Me googla temaet, og fekk opp gamle filmplakatar. Deretter sette grafikar Jarle Stanes i gang og laga det eg vil kalle ein lekker versjon av ein klassisk filmplakat, seier Bøthun.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Strålande

Ansvarleg redaktør Lillian Holden er stolt av det kreative grepet som onsdag vart krona til årets avisside i Norge.

– Bøthun hadde ideen og Stanes stod for utføringa. Resultatet vart strålande. Ein velfortent pris, slår Holden fast.

Tor Folgerø fekk onsdag kveld overrekt NTBs språkpris på Ole Bull Scene i Bergen av sjefsredaktør og adm. direktør i NTB, Tina Mari Flem (t.v.) og nyheitsredaktør i NTB, Hilde Schjerve.

På prisfesten i Bergen fekk journalist i Hallingdølen, Tor Folgerø NTBs språkpris for 2022, ein pris som hengt svært høgt. Han er den fyrste lokalavis-journalisten som tek imot denne prisen.

Nominert til årets mediehus

Hallingdølen var også nominert i klassen årets lokale nyheitsdekning med serien av artiklar om det politiske spelet rundt Ringeriksbanen. Klassen vart vunnen av Adresseavisen for saker om den nye helseplattforma.

I fotoklassen var Elias Dahlen, Hallingdølen nominert med sportsfoto av HFK-keeper Johnas Ulshagen Jorde. Her vann NRK med bilte frå Ukraina-krigen: «Gutten i Kherson».

Den gjævaste prisen, årets mediehus, vart vunnen av Aftenposten. Også her var Hallingdølen nominert, saman med Adresseavisen, Bergens Tidende, TV2 og NRK.

God stemning då Caroline Bækkelund Hauge i NRK Buskerud tok imot prisen for årets lokale historie "200 flyktninger, sa du", saman med Caroline Utti (midten).

Elles markerte NRK Buskerud seg ved å vinne årets lokale historie, med forteljinga om Flå kommune som over natta tok imot 200 ukrainske flyktningar. «200 flyktninger, sa du?» var tittelen.

Forsvarets Forum vart kåra til årets magasin.

Artikkelen held fram under annonsen.