I valkampen garanterte han oppstart av Ringeriksbanen i 2021 - kva seier stortingspresidenten i dag?
«Det har vært nok løftebrudd fra regjeringen vi har nå. Arbeiderpartiet garanterer for igangsetting av Ringeriksbanen i løpet av 2022. Bruk stemmeretten. Vi trenger et regjeringsskifte nå.»
Sitatet er velkjent. Stortingspresident Masud Ghahrankhani var trystallklar i valkampinnspurten i 2021.
Uttalen står i sterk kontrast til dagens melding frå regjeringa: Ringeriksbanen er ute av Nasjonal transportplan dei neste 12 åra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Historisk satsing
Gharankhani var med på presentasjonen av det politikarane kallar ei historisk samferdselssatsing i Buskerud. Igangsetjing av E16 Skaret-Hønefoss, vidareføring av midlane til Ørgenvika-Kittilsviken på Rv7 og tiltak på Eggemoen-Nymoen.
Samla investering på 18 milliardar, der bompengar utgjer ein stor del.
Men Ringeriksbanen, som stortingspresidenten garanterte oppstart for, og som heile regionen har stått samla om å kjempe for, var ute av dansen.
Beklagar ikkje
– Korleis kan du seie at dette er ein historisk dag for samferdsel i Buskerud når Ringeriksbanen som du garanterte for i 2021, er ute neste 12-årsperiode?
– Eg tenker at all politikk handlar om å finne gode kvardagsløysingar for folk. At det kjem 18 milliardar til dei tre vegprosjekta er betydeleg. I løpet av kort tid vil folk sjå endringar. Det er det viktigaste. Derfor er eg ganske fornøgd med det som blir lagt fram i dag, seier Gharankhani.
– Og så er alle oss lokalt oppteken av Ringeriksbanen, og den kjem me til å fortsette å kjempe for.
– I valkampen 2021 garanterte du oppstart i 2022. Beklagar du at du sa det?
– Det eg er ganske sikker på er at folk er oppteken av å få eit samferdselsløft, og det får me no.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men beklagar du at du sa det du sa i valkampen?
– Eg beklagar ikkje at me har sikra 18 milliardar ...
– Nei, men beklagar du at du garanterte for oppstart av Ringeriksbanen i 2021 og så skuvar de det no ut heile 12-årsperioden?
– Politikk handlar om å finne løysingar. Det som er viktig for meg er å levere eit historisk samferdselsløft som både innbyggjarane i Ringerike og Hallingdal kjem til å sjå enorme effektar av. Det er eg stolt av, seier Masud Gharahkhani.