Petterbråten i Gol, fotografert i mai i år.
Petterbråten i Gol, fotografert i mai i år.

Hus treft av steinras

Det har gått eit steinras i Homlelia i Gol.

Eit hus i Homlelia ved bustadfeltet Petterbråten i Gol har fått skader av ein større stein som har rasa ut.

Ifølgje Politiet i Sør-Øst kan det vera anleggsarbeid i samband med utvidinga av bustadfeltet som er årsaka til raset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nødetatane rykte ut måndag morgon, men ingen personar er skadd av steinraset.

Rundt klokka 10.30 melder politiet at det ikkje skal vera fare for nye ras. Det er derfor ikkje nødvendig å evakuere naboar.

I 11.30-tida opplyser politiet at det er i samband med anlegging av ein veg at noko stein har rasa ut. Det har ført til mindre skader på ein husvegg og to gjerde.