Turistsjefen i Hol skal ha tilhald i Reiselivssenteret på Geilo. (Arkivfoto)
Turistsjefen i Hol skal ha tilhald i Reiselivssenteret på Geilo. (Arkivfoto)

Hol kommune søkjer etter turistsjef

Turistinformasjon er gjort til kommunalt ansvar i Hol. Kommunen lyser no etter turistsjef.

Turistinformasjonen har i ei årrekkje lege under reiselivsselskapet på Geilo, som dei seinare åra har hatt namnet Destinasjon Geilo (DG). Administrerande direktør i DG har hatt funksjonen som turistsjef.

Sist vinter vart DG avløyst av Visit Geilo, som er tufta på ein ny partnarskapsavtale med Hol kommune. I den nye modellen blir ansvaret for turistinformasjon overført til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midt i smørauga

I utlysinga blir det vist til at Hol er største reiselivskommune i landets største reiselivsregion Hallingdal, med ca. 1,7 millionar kommersielle overnattingar (2010). I Hol kommune er det også rundt 5.300 hytter og fritidsbustader.

Den kommunale turistinformasjonen vil vere lokalisert til Reiselivssenteret på Geilo. Der ønskjer Hol kommune seg ein omgjengeleg og utovervendt person i hundre prosent stilling som turistsjef.

Viktig stilling

Kommunen tilbyr den nye turistsjefen leiaravtale i Hol kommune, med lønn etter avtale. Rette vedkomande bør ha relevant høgskuleutdanning og leiarerfaring, gjerne innan reiseliv og sal/marknadsføring. Han eller ho må også ha gode analytiske eigenskapar, gode språkkunnskapar, ha evne til god mediehandtering og vere komfortabel med å fronte og representere.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene blir:

* Følgje opp partnarskapsavtalen mellom kommunen og Visit Geilo.

* Representere Geilo og heile Hol kommune som reiselivsdestinasjon ute og i ulike samarbeidsforum.

* Vere ein strategisk ressurs og medspelar for reiselivet.

* Ha kontakt med presse og media.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ivareta vertskapsrolla til Hol kommune overfor besøkjande i kommunen.

* Arbeide for å få fleire arrangement i kommunen.

Søknadsfristen til stillinga er 10. juni.