I løpet av dei siste dagane har Nesbyen legesenter fått på plass det som skal til for å kunne gjennomføre videokonsultasjonar. Onsdag behandla turnuslege Kim Jonas Vesterås sin første pasient ved hjelp av denne typen teknologi.

Hjelper pasientar på video-chat

På Nesbyen legesenter kan du no få legehjelp via videosamtale. Slik kan legane sjå og vurdere plagene dine, utan å risikere koronasmitte.

Ved å ta i bruk såkalla velferdsteknologi har Nesbyen legesenter no begynt med videokonsultasjonar.

Vinn-vinn

I løpet av dei siste dagane har turnuslege Kim Jonas Vesterås, sjukepleiar Stinge Ljungren Roe og IKT Hallingdal fått på plass det som skal til for å kunne gjennomføre videokonsultasjonar. Den første videokonsultasjonen vart gjennomført onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nytt tilfelle av koronasmitte i Gol - barnehagebarn sett i karantene

– Video gir oss moglegheit til blikkontakt, sjå på skader, sår og liknande. Det gir legane viktig informasjon dei elles ikkje hadde fått over telefon, seier Ståle Onsgård Sagabråten, fastlege ved Nesbyen legekontor.

Av dei første

Sagabråten er turnusrettleiar for Vesterås, som er grunnen til at Nesbyen legesenter fekk videokonsultasjonar så fort opp å gå.

– Vesterås er eit funn med sin datakunnskap. Dette er verkeleg ein ressurs for kommunen og syner korleis alle kan bidra med sin spesialkompetanse no i desse tider.

For i desse koronatider skal du ikkje berre troppe opp på legekontoret. Du må ta kontakt på førehand.

– Me kontakta no pasientar som har time dei neste dagane om å ta i bruk dette tilbodet. Det er enkelt å bruke og me har testa det ut på pensjonistar og folk som ikkje er så datakyndige. Det kan brukast frå både telefon, nettbrett og pc. Fleire og fleire legekontor vil nok ta i bruk denne teknologien i tida framover, fortel Sagabråten.

Hektisk ombygging

For å minske sjansen for smittespreiing, er helse- og sosialsenteret i Nesbyen under ombygging. Dette skjer i rekordfart og ombygginga skal stå klar i løpet av få dagar. Lokala skal bli betre eigna til å skilje forskjellige pasientgrupper.

– Mellom anna er det slått hol i veggen og laga til ein eigen inngang til ein "luftvegs- og smitteklinikk", der me også kan ta inn pasientar for avklaring. Helsestasjonen er no blitt ein del av legekontoret. Det går verkeleg unna. Alle tilsette bidreg med arbeidskraft og kompetanse for å få til raske løysingar, seier Sagabråten.

Han jobbar no med konkrete rutinar for korleis dei tilsette skal oppføre seg og for å få på plass utstyr, slik at legesenteret er best mogleg rusta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her.

Les også
Psykologen: – Isolasjon gjer noko med oss
Les også
– Mange har det verre enn meg