Her kjem elgen!

Morten Kilde var på veg til hytta på Nesbyen då han hadde ei nesten-ulykke med elgen.

Hendinga skjedde like etter Hallingporten ved Gulsvik andre juledag klokka 20.00. Det var glatt på vegen og vanskelege køyreforhold på grunn av snøen.

Bilen oppdaga elgen, og Morten Kilde vart oppmerksam og køyrde unna på motgåande køyrefelt kor det ikkje var nokon andre bilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det skjedde veldig fort. Bilen begynte å pipe og eg såg elgen. Eg fekk svinga unna i tide. Om eg hadde bremsa eller køyrd rett fram hadde eg køyrt på elgen, fortel Kilde til Hallingdølen.

Køyr forsiktig

Kjell Sævre jobbar som leiar i ettersøksgruppa i Flå. Han fortel at det er mykje elg på vegane no, som står og sleikar salt.

– Eg prata med ein brannmann som hadde rykt ut til ein trailervelt. På strekninga frå Gulsvik til Stavn hadde han observert åtte elg som stod slik og sleika i seg salt, fortel Sævre.

Leiar i etterforskingsgruppa i Flå, Kjell Sævre.

Helge Arne Jallen som er leiar for Viltnemnda i Gol fortalde i november at det allereie då vart registrert like mange møte mellom bil og elg på RV 52 som i heile 2019.

Les også
Betre sikt på Rv52 mellom Gol og Hemsedal

Så langt i desember har det vore to rådyrkollisjonar og fem elgkollisjonar Gol. Fire av elgkollisjonane skjedde på Rv 52.

Jallen fortel at den beste måten for å unngå slike hendingar på er å avgrense farten ved elgskilt.

– Ein må føle at ein har moglegheit til å stoppe på det føret som er.

– Køyrer du i 80 km/t, så køyrer du 22 meter i sekundet. Om elgen då er 30 meter unna har du dårleg tid på å reagere, spesielt på vinterføre, fortel Jallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helge Arne Jallen er leiar i Viltnemnda i Gol.

Kjell Sævre understrekar at elgskilta ikkje er sett opp for moro skyld. Han ber folk respektere farevarsla.

– Ein bør òg følgje med i vegkanten, og sjå om noko rører seg. Kjem det ein elg, så er ganske sikkert ein annan i nærleiken, seier Sævre.

Om ulykka er ute

Om du likevel ikkje klarer å unngå ulykka, skal du ringe politiet. Dei vil då varsle viltnemnda i kommunen der uhellet har skjedd. Helge Arne Jallen seier at dei vil helst at folk som har køyrd på ein elg ventar til medlememer frå viltnemnda er på plass på staden.

– Viss folk likevel må raskt vidare, så er det viktig at dei hjelper oss ved å markere ulykkespunktet. Då får dei bruke noko godt synleg som dei for handa, fortel han.

For å markere ulykkesstaden kan du bruke refleksvest eller viltband. Du kan også henge noko opp på brøytestikkene for å markere området. Det beste vil uansett vere å vente på viltnemda.

Jallen fortel at Viltnemnda opplever at enkelte bilistar ikkje varslar, slik at dyra blir oppdaga av andre. Det er lovstridig og ille for dyra som må lide lengre, spesielt på natta kor det kan gå lang tid mellom kvar bil.

Elg i trafikken: N/A
Les også
Slik blir vêret inn mot nyttårshelga
Les også
Hallingdølen kan gjennom to videoar fortelja kva som skjedde då maskina gjekk gjennom isen ved Bergsjø
Les også
Seks personar i ulykke på Rv7 - vegen er opna att