Køen vart etter kvart lang på Rv7 etter ulykka.

Seks personar i ulykke på Rv7 - vegen er opna att

To bilar var involvert i ulykka, som skjedde ved Ståloddeberget ikkje langt frå Gulsvik.

I alt sat det seks personar i dei to bilane, fire vaksne og to barn.

Ifølgje operasjonssentralen hjå politiet Sør-Øst er det ikkje meldt om alvorleg personskade, men ein person skal blant anna ha smertar i ryggen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meldinga om ulykka kom rett før klokka 14. Vegen var stengt på staden fram til klokka 15:25. Då opna trafikken att.

For siste oppdatert vegmelding klikk her

Les også
Tankbil i grøfta - ikkje meldt om personskade
Les også
Skiløpar gjekk seg vill - henta av redningsmannskap
Les også
Oppe av isen etter sju timar
Les også
Nytt positivt prøvesvar kom overraskande på i Hol: - Situasjonen er uavklart