Veteranane gir seg. F.v. Tove Eggen Lien (Sp), Olav Støyten (KrF), Odd Holde (H) og Oddvar Grøthe (Sp).
Veteranane gir seg. F.v. Tove Eggen Lien (Sp), Olav Støyten (KrF), Odd Holde (H) og Oddvar Grøthe (Sp).

Her går hundre år med politikarerfaring ut døra

Veteranane takka for seg i Hemsedal, og ordførar Grøthe fekk ståande applaus.

Då Oddvar Grøthe svinga ordførarklubba og heva møtet klokka 21.15 torsdag kveld, var det slutt. Då tok dei på seg jakkene, samla sakene sine og rusla ut frå salen. Tove Eggen Lien (20 år i kommunestyret), Odd Holde (24 år), Olav Støyten (20 år) og Oddvar Grøthe (36) år. Til saman har dei sete 100 år i kommunestyret i Hemsedal, men torsdag vart punktum sett for alle fire.

– Det er litt rart, seier Tove Eggen Lien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ståande applaus

Aller mest merkeleg vart det kanskje for Oddvar Grøthe. Som Hallingdals største politikarveteran har han vore med i kommunestyret i 36 år, 20 av dei som ordførar. Torsdag leia han sitt siste kommunestyremøte, og då det nærma seg slutten tok Olav Støyten ordet.

– Eg meiner det er på sin plass å takke ordføraren for lang og tru teneste gjennom 20 år som ordførar. Du har vore ein stødig møteleiar, Oddvar, sa han. Også Ingar Nergård nytta høvet til å takke, og til slutt reiste politikarane seg og gav ordføraren sin ein ståande applaus. Deretter tok Grøthe fatt i klubba, svinga ho og heva møtet for siste gong i si politiske karriere. No er det berre eit konstitueringsmøte att før ein ny ordførar er valt.

– Undervegs i møtet tenkte eg ikkje så mykje på at det var mitt siste. Men då dei takka meg av og klappa, då merka eg det sjølvsagt. Eg vart litt rørt. Men eg trur ikkje det var så synleg på meg, smiler Grøthe.

Oddvar Grøthe heva møtet for siste gong.
Oddvar Grøthe heva møtet for siste gong.

– Men eg kjente noko inni meg då. Eg gjorde det.

Ikkje heilt borte

Sjølv om politikarveteranane ikkje lenger blir å sjå i kommunestyresalen, har dei ikkje tenkt å gi seg heilt.

– Eg skal halde fram med å sitte i styret til Senterpartiet. Som ei slags sjuande mor i huset, ler Lien. Odd Holde er framleis leiar i Hemsedal Høgre, medan KrF-Støyten og blir sittande i partistyret.

– Var det litt vemodig å gå ut herifrå i kveld?

– Eigentleg ikkje. Eg er veldig motivert for å slutte i politikken no, seier Holde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er glad for det valet eg har tatt. Det er eg veldig komfortabel med. No får nye kostar prøve seg, dette kjennest veldig bra, seier Støyten.

– Det skal bli moro å høyre på dei nye politikarane utover hausten. Men godt å sleppe å ha noko ansvar sjølv, seier Lien.

– Kanskje me skulle danne ein klubb, seier Støyten.

– Og høyre på kommunestyremøta saman, på radioen!

Heilt ope

Måndag er det val i Hemsedal, og kven som tek over klubba etter Oddvar Grøthe er eit heilt opent spørsmål.

– Heile Hemsedal ventar spent på dette no. Det blir utruleg spennande. Eg pratar med folk eg møter, men ingen har aning om kven som stiller sterkast av ordførarkandidatane. Det har ikkje eg heller, seier Grøthe.

– Kan du hugse at det nokon gong har vore så jamt som no?

– Nei. Konstitueringsdebattane i tida etterpå vil også bli veldig spennande.