Ordførar Solveig Vestenfor og resten av kriseleiinga i Ål har kome med ei liste med nye tiltak som skal gjelde fram til 18. januar.

Her er dei nye tiltaka i Ål: – Me må ta dette på alvor

Sundag kveld kom regjeringa med nye nasjonale koronatiltak. Nokre timar seinare samla kriseleiinga i Ål seg for å diskutere kva som skal gjelde lokalt.

– Me vart av regjeringa sterkt oppmoda til å vere med på ein nasjonal dugnad. Me har ikkje ny smitte i Ål, så det kan kanskje verke lite motiverande å ta dette på alvor. Men det viktig at me gjer nettopp dét, seier ordførar Solveig Vestenfor til Hallingdølen.

Lista over nasjonale tiltak, som statsminister Erna Solberg presenterte sundag, kan du lese her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både dei nasjonale og dei lokale tiltaka vil gjelde i to veker framover. Her er tiltaka som gjeld for Ål fram til 18. januar:

* Vidaregåande og Ål ungdomsskule skal drivast på raudt nivå. Det er ikkje det same som at det er stengt, men at det blir heimeundervisning i kombinasjon med skule. Munnbindpåbodet gjeld alle over 12 år, det vil si ungdomsskulen.

* Barneskulane og barnehagane har vanleg gult nivå. Det blir ikkje heimekontor for tilsette i skular og barnehagar.

* Idrettshall og basseng: Kan brukast av barnehagar og barneskular på gult nivå, med skjerpa rutinar i garderobane.

* Vaksenopplæringa: Raud beredskap. Heimeundervisning for dei som er i klasse med høgt nivå, elles undervisning og munnbindpåbod.

* Kulturskulen: Digital heimeundervisning i to veker.

* Heimekontorløysing for dei som kan jobbe like godt heimanfrå, etter avtale med leiar. Dette gjeld ikkje avdelingsleiarar i institusjonar.

* Tingstugu: Stengt, men kan ta i mot besøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Dagsenter/varmestugu: Held ope, med inntil 10 brukarar.

* Idrettshall kveldstid og offentleg bading: Stengt i to veker.

* Ål kulturhus: Biblioteket kan halde ope med avgrensa tal på besøkande, kino blir stengt i to veker.

* All fritidsaktivitet innandørs: Stengt i to veker.

* Frivilligsentral: Vaksendans blir avlyst i to veker.

* Det er framleis påbod om munnbind i det offentlege rom, der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand.

* Besøk på institusjonar: Streng besøkskontroll (1-2 nærkontaktar).

Ordførar Vestenfor er ikkje i tvil om at det er viktig at alle er nøye med å følgje både nasjonale og lokale tiltak i vekene som kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk har vore mange stader i jula, og møtt mange. No handlar det om å hindre smitte i å spreie seg. Det alvoret som no er formidla frå sentrale styresmakter må me ta på alvor. Me har blitt gode på å ta felles løft, og me må vere flinke ei stund til, seier ho.

Vestenfor minner om at vaksinen no er nær, at det berre er snakk om dagar før dei første dosane blir sett.

– Dei neste to vekene må me vere grådig flinke. Erna og co. har tru på at dette er eit viktig verkemiddel, at heile landet no stenger ned. Slik har me ein moglegheit til å kome vidare til neste fase, som er vaksinering.

Det er me andre ord berre å bite tenna saman, enno litt til.

– Alle er drit lei no. Likevel er det utruleg viktig å gjere noko no, slik at dette ikkje varer endå lenger. Dette skal me gjere så folk kan føle seg trygge. Ingen skal vere redde, me skal berre vere kloke, seier ordføraren.

Les også
Her er lista over dei nye nasjonale koronatiltaka