Det har vore mykje testing i Hallingdal dei siste vekene. Dette biletet er frå testing i Ål i fjor haust.

Her er lista over dei nye nasjonale koronatiltaka

Jule- og nyttårsfeiringa er over. Regjeringa ser teikn til ny smittebølgje, og innførte sundag nye, strenge tiltak.

Her er dei forbod og påbod som gjeld frå måndag 4. januar til 18. januar:

* Maksimalt fem personar på private samlingar utanfor heimen, som til dømes ein bursdag i eit leigd lokale. Om det er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle desse møtast.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar osv. Likevel 200 personar om alle i publikum kan sitje i fastmonterte sete. I begravelsar kan det vere opp mot 50 personar.

* Nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangment.

* Særlege reglar for kyrkjevandring blir oppheva no i staden for 15. januar.

I tillegg har regjeringa følgjande anbefalingar dei neste to vekene:

* Unngå å ha gjestar i heimen, og vent i 14 dagar med private besøk. Unntak for nødvendige heimenteneste og besøk hjå personar som er i livets siste fase. Dei som bur aleine kan ha besøk eller gå på besøk med ein til to faste vener, eller til ein fast husstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.

* Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs er anbefalt utsett til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/korhortar. Utandørs aktivitetar kan gjennomførast om det er mogleg å halde god avstand.

* Unngå alle nødvendige reiser i inn- og utland. Opphald på hytte med personar frå same husstand er greitt, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.

* Alle kjøpesenter og butikkar bør innføre avgrensing i tal på personar i lokalet, slik at det er mogleg å halde avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Alle vidaregåande skular og ungdomsskular går over til raudt nivå.

* All undervisning og planlagte arragement ved universitet, høgskular og fagskular blir digitale fram til 18. januar.

* Heimekontor for absolutt alle som har moglegheit for det.

Merk at det vil kunne kome eigne, lokale tiltak.

Les også
Helsearbeidarane i frontlinja
Les også
Oppfordrar folk til å ta ein prat med eldre i familien om koronavaksine