Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) kunne opne opp att store delar av samfunnet tysdag kveld. Her frå ein tidlegare pressekonferanse.

Her er dei nye tiltaka: Ikkje lenger skjenkestopp eller krav om heimekontor

Du må framleis bruke munnbind og halde meteren, men ølkranene opnar og du kan ha fleire folk i hus.

– I dag har me endeleg kome dit at me kan fjerne mange av tiltaka, innleia statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen tysdag kveld.

Regjeringa hadde lova å kome med fleire store lettar. Det gjorde dei også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er over i ein ny fase av pandemien. Me skal leve med mykje smitte, og me kan leve med mykje smitte, sa statsministeren.

Les også
Over 800 smitta sist veke: No kjem det nye råd om testing

Her er dei viktigaste endringane (alle tiltaka kan du lese i faktaboksen lenger ned i saka):

* Den nasjonale skjenkestoppen klokka 23 blir borte. Det same gjeld kravet om bordservering. Men det er framleis krav om smittevernfagleg drift.

* Det blir ingen avgrensing i kor mange gjester du kan ha heime. Det blir heller ingen avgrensing i tal ved arrangement innandørs eller utandørs.

* På arrangement med faste plassar, som kino, teater eller i kyrkja, blir avstandskrava fjerna når du sit på plassen din. Det betyr at alle sete i ein sal kan nyttast.

* Det er ikkje lenger nasjonal anbefaling om gult nivå i skular og barnehagar.

* Organiserte fritidsaktivitetar kan gå føre seg som normalt både innandørs og utandørs, for alle aldersgrupper - med kontakt der det er nødvendig.

* Det er ikkje lenger krav om å legge til rette for heimekontor. Det er anbefalt at arbeidsgjevar sjølv vurderer kor mykje heimekontor som er rett på den enkelte arbeidsplass. Her må bedriftene tenkje på korleis dei kan unngå at alle blir sjuke samtidig.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Kravet om å teste seg på grensa ved innreise til Norge blir fjerna.

Dette gjeld framleis:

* Du bør alltid halde ein meter avstand til andre.

* Munnbind er anbefalt på alle offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand. Det bør også brukast i kollektivtransporten.

I faktaboksen kan du lese alle tiltak som no gjeld i Norge:

Dette er dei nasjonale tiltaka

Avstand og sosial kontakt:

* Det er anbefalt å halde ein meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar og andre nære.

* Dette gjeld ikkje for barn i skule og barnehage, eller vaksne som jobbar med barn, unge og sårbare grupper.

* Det er ikkje avgrensing i kor mange gjester du kan ha heime.

Munnbind:

* Påbod om munnbind på offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand.

* Det er ikkje krav til munnbind når du sit ved eit bord på ein serveringsstad eller på arrangement om du sit på ein fast plass.

Organisert idretts- eller fritidsaktivitet:

* Kan gå føre seg som normalt både innandørs og utandørs for alle aldersgrupper, med kontakt der det er nødvendig.

* Toppidrett kan gå som normalt.

Barnehage, skule og SFO:

* Krav om smittevernfagleg forsvarleg drift.

* Dei nasjonale anbefalingane om tiltaksnivå i skule, barnehage og vaksenopplæring blir oppheva.

* Anbefaling om jamleg testing blir oppheva.

Høgare utdanning:

* Det er anbefalt å ha fullt fysisk oppmøte. Studentane skal få ein normalisert kvardag og eit godt studiemiljø så langt det er mogleg.

* Kravet om ein meter avstand gjeld ikkje ved undervisning.

* Kravet om jamleg testing opphøyrer.

Arbeidsliv:

* Anbefaling om ein meter avstand.

* Arbeidsgjevar må sjølv vurdere kor mykje heimekontor som er rett på den enkelte arbeidsplassen.

* Det bør takast omsyn til at ein kan halde avstand.

Arrangement og samlingar:

* Ingen avgrensing i tal på gjester på private samlingar.

* Ingen avgrensing i tal på personar på offentlege arrangement.

* Arrangøren skal sørge for at alle som er til stades på eit arrangement skal kunne halde ein meter avstand til andre som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære. Det er unntak for dette ved faste plassar. Det er dermed mogleg å fylle alle plassane i ein sal.

* Dei som planlegg arrangement for over 200 personar skal ha ein skriftleg plan for korleis det kan skje på ein smittevernfagleg trygg måte.

Serveringsstader:

* Ingen krav om skjenkestopp eller bordservering.

* Serveringsstaden skal sørge for at alle kan halde ein meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og andre nære.

* Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som naturleg gir mindre avstand enn ein meter, til dømes dansing.

* Ingen krav om registrering av gjester.

Testing, karantene og isolasjon:

* Personar som blir smitta skal isolere seg i fire døgn. Du må vere feberfri i minst 24 timar - utan bruk av febernedsettande medisin - før du går ut av isolasjon.

* Det er ingen karantene for nærkontaktar som er husstandsmedlemmer eller andre nære.

* Desse blir anbefalt å teste seg dagleg i fem døgn etter siste nærkontakt med den smitta.

* Dei som ikkje kan unngå nærkontakt med den smitta, bør teste seg dagleg i desse fem døgna i tillegg til fem nye døgn. Til saman ni dagar.

* Testen bør bli tatt som sjølvtest, men kan også vere ein PCR-test.

* Utover dette blir det anbefalt at berre folk med symptom skal teste seg. Andre nærkontaktar utan symptom treng ikkje teste seg, men bør vere ekstra merksame på symptom.

* Barn i grunnskulealder eller yngre blir anbefalt å teste seg berre ved symptom. Det gjeld også ved smitte i husstanden.

* Ingen råd om jamleg testing ved skule, barnehage og høgare utdanning.

Smittesporing:

* Dei som er smitta skal sjølv informere sine nærkontaktar. Kommunen kan hjelpe ved behov.

* Kommunane er bedne om å ta i bruk system der folk sjølv kan registrere positive testar.

Innreise:

* Alle som reiser inn til Norge må registrere seg før dei kjem til landet. Det gjeld også norske borgarar.

* Det er krav om attest for negativ test tatt før ankomst Norge for personar som ikkje kan dokumentere at dei er fullvaksinert eller har gått gjennom koronasjukdom.

* Ingen krav til test på grensa.

Dei siste restriksjonane kan bli oppheva 17. februar, om utviklinga blir slik dei ser for seg.

Les også
Kor lenge skal du vere isolert?Her er reglane som no gjeld for deg som blir smitta eller er nærkontakt
Les også
Perfekte forhold for gaupejakt: - Ja, det er iallfall store forhåpningar
Les også
Tonje Brenna om Viken: – Eg kan leve med tre fylke