Over 800 personar fekk sist veke slike testsvar i Hallingdal.

Over 800 smitta sist veke: No kjem det nye råd om testing

Du skal framleis teste deg sjølv. Men no bør du ta prøve i halsen også, ikkje berre i nasen.

– Spesielt kan vaksne med symptom ta prøve både frå svelget og frå nasen, seier lege Joakim Øverbø i Folkehelseinstituttet (FHI).

Talet på sjølvtestar har auka enormt etter at det sist veke kom nye reglar. Som nærkontakt treng du ikkje lenger sitje i karantene, ikkje ein gong om du bur saman med ein smitta. Men du må teste deg hyppig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Både vaksine og testar er utvikla på bakgrunn av dei første virusvariantane som kom. Det har kome mange endringar i viruset undervegs. Det gjer at både vaksineeffekten og testsensitiviteten tapar seg litt. Då gjeld det å kompensere for dette med å ta prøva på ein måte som sikrar at ein får nok virus med på prøvepinnen, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til VG.

Likt i tre kommunar

Det er mykje smitte i Hallingdal. Sist veke vart over 800 personar registrert som smitta.

Ål og Gol hadde omtrent like stort smittetrykk i veke 4. I Ål testa 172 personar positivt. I Gol stoppa talet på 166.

– Det går nedover, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam. Det er han godt nøgd med, etter å ha kome gjennom ei stor smittebølgje i januar.

Les også
Her er dei nye reglane for karantene: – Eg skjønar det kan virke merkeleg

Hemsedal ligg rett bak Gol, og fekk 161 positive prøvesvar sist veke. 140 av desse er eigne innbyggarar, resten er tilreisande eller hyttegjester. Dei testa til saman 215 personar på teststasjonen gjennom veka.

– Som venta

I Nesbyen er det 50 personar som no sit isolert.

– Det er eit greitt nivå. Men i motsetning til bølga me hadde før jul, ser me ikkje lenger eit klart smittemønster. Tidlegare kunne me ta ut familiar med smitte, men no kjem det frå overalt, seier kommuneoverlege Nils Høva.

– Men det er venta. Prognosen seier at 50 prosent av Europas befolkning vil blir smitta i løpet av dei neste seks til åtte vekene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Har du gitt opp å unngå korona?

Hol har framleis mykje smitte, dei melde fredag om 249 personar. Kommunen har hatt svært utfordrande veker, men trur no smittetoppen er passert.

Også Flå fekk litt å drive med sist veke, med 19 smittetilfelle.

– Det inkluderer også turistar og gjestearbeidarar, seier kommuneoverlege Roger Hyldmo.

Les også
Først korona, så straumprisen, deretter forsvann snøen ...
Les også
Ynskjer avlyst eksamen: - Situasjonen er ikkje noko betre i år enn i fjor
Les også
Eit selskap i Luxembourg eig denne tomta - mannen bak bur i England