Jone Blikra (Ap) sit i samferdselskomiteen på Stortinget. Han har ikkje sansen for å setje ulykkestal opp mot kvarandre på ulike strekningar.

Har lite sans for å samanlikne dødstal på ulike vegstrekningar: – Det byr iallfall meg imot

Samferdselspolitikar Jone Blikra (Ap) har lite sans for å samanlikne dødstal på E16 Skaret-Hønefoss med E16 Arna-Stanghelle.

Hallingdølen skreiv torsdag om desse to vegstrekningane. Vegane er del av kvart sitt store utbyggingsprosjekt for veg og bane mellom Oslo og Bergen, og to prosjekt som politikarane skal prioritere blant i Nasjonal transportplan til våren.

Fagetatane har prioritert Ringeriksbanen før Arna-Stanghelle på grunn av større samfunnsnytte. No er det opp til politikarane å prioritere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikksikkerheit er eitt av tema knytt til desse prioriteringane. Eit tema det har vore stort fokus på i vest, mindre i aust.

Tala Hallingdølen henta inn syner derimot at dødstala er verre på strekninga Skaret-Hønefoss enn Arna-Stanghelle. Dei siste 12 åra fortel statistikken følgjande:

* Skaret-Hønefoss: 7 trafikkdrepne

* Arna-Stanghelle: 2 trafikkdrepne

Også i perioden frå 2000 og fram til no syner statistikken fleire dødsulykker i aust enn i vest.

Les også
Knuser myte: Dødstala klart høgare på Skaret-Hønefoss enn Arna-Stanghelle
Ny E16 stoppar på Sollihøgda. Den vidare strekninga Skaret-Hønefoss har stygge ulykkestal.-

– Byr meg imot

Jone Blikra sit i samferdselskomiteen på Stortinget for Ap. Han seier til Hallingdølen at førebygging av ulykker er ei viktig grunngjeving for mange av vegprosjekta.

– Men å setje ulike strekningar i forskjellige delar av landet opp mot kvarandre med «body count», er ikkje måten å gjera det på. Det byr iallfall meg imot, seier Blikra.

Hallingdølen fortalde også at Statens vegvesen har foreslått elleve rassikringstiltak på E16 Arna-Stanghelle som ifølgje utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik vil gjera strekninga vesentleg tryggare. Kostnaden er stipulert til 52 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

På spørsmål om og når dette blir prioritert, svarar Blikra at regjeringa skal utarbeide ein nasjonal gjennomføringsplan for ras- og skredsikring av alle riksvegar og fylkesvegar. Dette blir ein del av prioriteringane i Nasjonal transportplan.

– Kva er di vurdering og prioritering av dei to store utbyggingsprosjekta på Bergensbanen, Ringeriksporteføljen og K5?

– Nasjonal transportplan kjem til våren, og eg vil ikkje ta noko på forskot. Men mi meining er at Arna-Stanghelle er eit modent prosjekt. Regjeringa har, saman med SV, løyvd pengar til framleis planlegging på strekninga. Ringeriksbanen er også eit viktig prosjekt, men den førre regjeringa har klussa mykje til med å involvere eit vegselskap i prosjektet, seier Blikra.

Vegselskapet han siktar til er det statleg eigde Nye Veier som Solberg-regjeringa ønska at også skulle få prøve seg på å bygge jernbane.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) kjenner til ulykkesstatistikken på Skaret-Hønefoss.

– Kjenner statistikken

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier til Hallingdølen at han ikkje kan kommentere prioriteringar i ny Nasjonal transportplan, som etter planen skal leggast fram før påske i år.

Men han uttaler seg om trafikktryggleiken på Skaret-Hønefoss.

– Når det gjeld talet på trafikkdrepne på strekninga, så er eitt liv tapt i trafikken, eitt for mykje. Nullvisjonen, om at ingen drepne eller hardt skadde i trafikken, er framleis leiestjerna i trafikktryggleiksarbeidet, seier Nygård.

Han er klar over situasjonen på E16 i aust.

Artikkelen held fram under annonsen.

E16 Skaret-Hønefoss er ein farleg veg. Samferdselsministeren seier det er behov for fleire tiltak på strekninga.

– E16 Skaret-Hønefoss har over tid vore ulykkesutsett, og eg er kjend med statistikken over drepne og skadde på strekninga, seier han.

– Behov for fleire tiltak

Han poengterer at Statens vegvesen har ansvaret for drift og vedlikehaldet på E16 fram til ny veg er opna for trafikk. Dei siste 10-15 åra har vegvesenet gjort ein del mindre tiltak for å redusera ulykkesrisikoen på strekninga. Mellom anna er det etablert midtdelar i betong på delstrekningar, det er skifta ut eller sett opp nytt rekkverk på utsette stader og det er gjort større og mindre utbetringar av enkelte kryss. For å få ned talet på ulykker er også fartsgrensa sett ned over Steinsletta i Hole kommune.

– Desse tiltaka har hatt effekt på trafikktryggleiken, sjølv om det framleis er ei ulykkesbelasta strekning. Det er behov for fleire tiltak for å bidra til færre alvorlege ulykker, som bidrag for å nå ambisjonane i Nasjonal transportplan om maksimalt 350 drepne og hardt skadde på vegane i Norge innan 2030, seier Jon-Ivar Nygård.

Opposisjonspolitikar Morten Stordalen (Frp) er klar: Han vil ha i gang Ringeriksporteføljen.

– Set i gang snarast

Ein som er tydeleg og klar i å prioritere Ringeriksbanen og Arna-Stanghelle er Morten Stordalen (Frp) i samferdselskomiteen.

– Skaret-Hønefoss må byggast og setjast i gang snarast. Det er ingen grunn til å vente; dette er dødsveg nummer ein i Norge, seier Stordalen til Hallingdølen.

Samtidig vil han få i gang rassikring på E16 Arna-Stanghelle.

– Me vil også bygge ut Arna-Stanghelle; det er eit viktig vegprosjekt. Men det betyr ikkje at me skal vente med E16 Skaret-Hønefoss, seier Stordalen.

– Er det realistisk å bygge begge?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nye Veier har ikkje fått auka sine rammer sidan 2021. Her må tilskotsramma opp. Me prioriterer samferdsel og desse prosjekta, i motsetning til regjeringa som brukar samferdsel som salderingspost, seier Morten Stordalen.

Les også
Erna meiner det er rom for både Arna-Stanghelle og Ringeriksbanen: – Og det er viktig å få det til

Tidlegare statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg uttalte til Hallingdølen sist haust at ho meiner det er mogeleg å både bygge Ringeriksbanen og Arna-Stanghelle, og at det er viktig å få til.

Slik svarar Jone Blikra (Ap) på spørsmål om han er einig med Solberg:

– Erna Solberg var statsminister i åtte år og skuva alle vanskelege prioriteringar framfor seg. Kvifor vart ikkje Ringeriksbanen og K5 bygd ut då ho regjerte? Og seier ho noko om kva prosjekt ho vel bort med denne prioriteringa?

Hallingdølen har også kontakta dei andre partia i samferdselskomiteen, men har ikkje svar.