Har funne løysinga på straumkrisa: – No kan eg bruke hytta som normalt
Martin Vinje har fått livet sitt tilbake. Hyttelivet.
I haust fylte han ei framside i Hallingdølen der han fortalde at han ville stenge hytta for vinteren og la «heile driten fryse ned».
– Kosen har blitt borte. Det kostar meir enn det smakar, sa Vinje, med ei bekymra rynke over panna.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kasta stillongsen
Han sat fullt påkledd innandørs, med lue og Wenaas-dress. Han var forbanna over at manglande straumstøtte ville endre folk sine hyttevanar. Men dette var før han hadde fått seg pelletsomn. For no har stemninga snudd.
Bilete 1 av 2
– Det kostar meir enn det smakar. Eg må innstille meg på at eg ikkje får brukt hytta i vinter, sa Martin Vinje i november. (Arkivfoto) Foto: Tor FolgerøBilete 2 av 2
Martin Vinje har hengt frå seg Wenaasdressen og tatt på seg hawaiiskjorta. Ein ny pelletomn sørgjer for å halde innetemperaturen på 23 grader. Foto: Tor FolgerøSeint fredag kveld kom omnen med spesialleveranse rett frå fabrikken. I løpet av ein dryg time laurdag føremiddag var omnen montert og i drift. Og då Hallingdølen kom inn i hytta ein time seinare, var det behagelege 23 grader i rommet. Vinje sprada berrføtt rundt i hawaiiskjorte og shorts.
– Eg har fått livet tilbake. No kan eg bruke hytta som normalt. Eg blir uavhengig av straum til oppvarming. Sjølv om eg brukar litt straum på kaffimaskinen, treng eg ikkje bekymre meg for straumprisen, seier han.
Investering for framtida
Heretter kan han fyre hytta varm og vite på førehand kva oppvarminga kostar. Pelletsfyring kostar kring 70 øre per kilowattime.
– Og det er jo omtrent det same som fastbuande betaler for straumen når straumstøtta er trekt frå. Pellets er billig og lett tilgjengeleg. Den største leverandøren til den norske marknaden ligg like oppe i vegen her. Dette er jo gullet i dalen. Tilgangen er god, og etter det eg har forstått, er pelletsprisen venta å gå ned, seier Vinje.
– Men det er klart at sjølve omnen er dyr. Han kostar jo 35.000 kroner. Men eg ser på dette som ei investering for framtida, seier han.
– Enkelt og komfortabelt
Omnen er den aller første i sitt slag i Norge. Ulf Wikström, dagleg leiar i KMP Pellets Heating AB, hadde reist eins ærend frå fabrikken på Öland for å montere. Han seier at ein moderne pelletsomn er noko heilt anna enn ein vedomn. Omnen er kopla på straum og internett og kan fjernstyrast via ein app på telefonen. Fjernstyringa gjer at pelletsomnar kan vere aktuelle for hyttemarknaden.
– Den viktigaste forskjellen er at komforten er mykje større. Du trykkjer på ein knapp, og så held omnen jamn temperatur gjennom heile døgnet. Dessutan gir pellets mykje mindre utslepp. Det er mykje meir reintbrennande, seier Wikström.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avtrekket rett ut gjennom veggen
Til forskjell frå vedomnar, har pelletsomnar termostatstyring og leverer ein jamn varme. Effekten på omnen til Vinje er mellom 2,5 og 5 kW. Viss han fyller behaldaren, rommar omnen nok pellets til meir enn eit døgns forbruk.
– Når eg skal på hytta, kan eg starte omnen frå sofaen heime. Og når eg kjem på hytta eit døgn seinare er det godt og varmt, seier Vinje.
Det som er spesielt med den modellen han har kjøpt, er at omnen ikkje er avhengig av å bli kopla til skorstein. Avtrekket går rett ut gjennom eit hol i veggen. Dette er eit system fabrikken til Wikström har utvikla og som er typegodkjent både i Sverige og Norge.
Bilete 1 av 5
Ulf Wikström og KMP Pellets Heating AB i Sverige har utvikla og fått godkjent eit system som gjer at pelletomnen ikkje treng koplast til skorstein. Avtrekket går rett ut gjennom veggen. Foto: PrivatBilete 2 av 5
Ulf Wikström og KMP Pellets Heating AB i Sverige har utvikla og fått godkjent eit system som gjer at pelletomnen ikkje treng koplast til skorstein. Avtrekket går rett ut gjennom veggen. Foto: PrivatBilete 3 av 5
Ulf Wikström og KMP Pellets Heating AB i Sverige har utvikla og fått godkjent eit system som gjer at pelletomnen ikkje treng koplast til skorstein. Avtrekket går rett ut gjennom veggen. Foto: PrivatBilete 4 av 5
Ulf Wikström og KMP Pellets Heating AB i Sverige har utvikla og fått godkjent eit system som gjer at pelletomnen ikkje treng koplast til skorstein. Avtrekket går rett ut gjennom veggen. Foto: PrivatBilete 5 av 5
Ulf Wikström og KMP Pellets Heating AB i Sverige har utvikla og fått godkjent eit system som gjer at pelletomnen ikkje treng koplast til skorstein. Avtrekket går rett ut gjennom veggen. Foto: PrivatMåtte kjøpe nytt toalett
Frå november til midten av januar har Vinje skrudd av varmen og sendt hytta i fryseboksen.
– Eg har gjort meg nokre erfaringar, seier han. Termostaten svikta på toalettet. Dette var eitt av dei romma han skulle halde det frostfritt. I tillegg gløymde han å skylje ned i do etter at han hadde skrudd av vatnet.
– Det førte til at eg sprengde cisterna, og måtte kjøpe nytt toalett, seier han. Han har lært at det er viktig at det er frostfritt der det skal vere frostfritt, på toalett og vaskerom.
– Må du halde fram å pakke inn kjøkenbenken i isopor kvar gong du reiser frå hytta?
– Nei, eg er så heldig at eg har frostfri kjellar, så røyra i kjellaren er eg ikkje redd for. Når eg stenger av vatnet og opnar alle kranar, blir trykket i røyra utlikna. Då kjem dette til å fungere greitt. Og så må eg hugse å helle frostvæske i alle avløp og i oppvaskmaskinen, seier Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.