Ekspertar seier det er gevlingår.
Ekspertar seier det er gevlingår.

Har du ein grevling i taket?

Kan det vere grevling-år i år?

Nei, meiner rovviltkontakten i Nes og Flå, Kåre Peder Rasmushaugen.

I hagen til folk

– Grevlingane kan ofte komme ut på plenen til folk for å finne makk og sniglar. Slik kan folk tru at det er mange grevlingar, men eg trur det er nokså likt kvart år, meiner Kåre Peder Rasmushaugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skrekkhistorier

Det er mange skrekkhistorier som heng igjen, og det blei tidlegare sagt at grevlingen bit deg i foten til den høyrer beine knekke. Kåre Peder Rasmushaugen sin erfaring med grevlingar er at dei er nokon trivelege skapningar. Han meiner dyret har fått eit ufortent dårleg rykte.

– Grevlingane er veldig forsiktig av seg, seier Kåre Peder Rasmushaugen. Sjølv om skrekkhistoriene mest truleg er ein myte, har grevlingen tenner til å bite med.

– Grevlingane kan ta smålam om våren, og eg høyrde ein gong om ein grevling som skambeit ein hund fordi grevlingen sat fast i eit gjerde, fortel Rasmushaugen.

Dyrepåkøyrsle

– Kva gjer ein som bilist om ein skulle vere uheldig å køyre på ein grevling eller andre dyr?

– Det er viktig å melde ifrå til for eksempel viltnemnda. Viss du ikkje greier å avlive dyret sjølv, må du få hjelp.