Administrerande direktør i Hallingdølen, Ola Stave.

Hallingdølen permitterer seks tilsette

– I likheit med alle andre fekk også Hallingdølen korona midt i fleisen

Det seier administrerande direktør Ola Stave.

– Me hadde avtalt bilagsproduksjonar for svært mange av arrangementa som no er avlyst, noko som gir oss ein direkte inntektssvikt på fleire hundre tusen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Annonse-svikt

Aviser landet over melder om massiv inntektssvikt etter at koronaviruset trefte landet med full styrke. Det gjeld også Hallingdølen Den siste veka har avisa motteke svært mange avbestillingar på annonse. Blant anna er påskemagasinet på veg i trykken, men opplaget er redusert. Årsaka er at dei fleste stadene magasinet blir lagt ut, no er stengt.

– Som lesarane ser, er det også langt mellom annonsane i papiravisa vår no om dagen. Eg ynskjer å presisere at Hallingdølen no er kanalen for å nå ut til hallingane. Me har enorm trafikk på nettsida, og så lenge trykkeriet ikkje blir råka av korona, kjem avisa i postkassene også, seier Stave.

Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her

– Me har vel så god lokal dekning som andre kanalar, både på papir og digitalt, så det er viktig å bruke lokalavisa no i staden for å sende pengane ut av landet med Google eller Facebook, seier Stave.

Seks er permittert

Som følgje av det store bortfallet av inntekter, har Hallingdølen vore nøydd til å gå til permitteringar.

– Me har for tida seks personar permittert, frå 40 til 100%. Dette er sjølvsagt ille for dei det gjeld, sjølv om staten gjer det litt enklare ved å betre kompensasjonsordningane. Me håpar situasjonen betrar seg i løpet av dei næraste månadene, slik at me kan hente inn att dei som er permitterte og koma oss i normal drift, seier Stave.

Les også
Må halde legekontora fri for smitte
Les også
– Vondt å høyre på alle dei som slit
Les også
Vil bytte bort ferskvarer med offentlege institusjonar