Innspeling av Høyr-episoden som handlar om toppkandidatane til kommunevalet i Ål 2023. F.v.: journalist Arne Ole Lindahl, Jørund Li (H), Ola Terje Oleivsgard (Sp), redaktør Lillian Holden, journalist og kommentator Embrik Luksengard og Solveig Vestenfor (Ap).

Hallingdølen lanserer ny podkast: – Det gjeld å halde tempoet oppe. Det er eit mål at sendinga ikkje blir baktung

«Høyr» er Hallingdølens nye podkast-satsing. No kjem avisa med aktuelle nyheitssaker i lydformat.

– Korte debattar og drøfting av aktuelle tema når nyheitsbilete tilseier det.

Slik forklarar redaktør i Hallingdølen, Lillian Holden kva «Høyr» skal vera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du høyre den første smakebiten:

Nyheitspodkast

Podkasten er den andre i rekka frå mediehuset, som tidlegare i år sleppte podkasten «Trippeldrapet på Geilo», som fyrste historie i «Røynda».

– Me har alt ein historieforteljande podkast, og dette blir vår andre satsing. No lanserer me ein levande nyheitspodkast, seier Holden.

Les også
Etter podkasten: – Det som bevega meg mest var Lars Henriks historie. Eg er så glad for at han overlevde

I fyrste omgang skal det dreie seg om valet til hausten. Som ein del av lanseringa kjem Høyr med seks episodar fram mot sommarferien, med toppkandidatane i kvar kommune. Redaktøren understrekar at «podden» likevel ikkje blir knytt mot valet, men skal leva også ut over hausten.

– Kvifor gjer Hallingdølen dette?

– Me ser ei utviklinga i at nordmenn høyrer mykje podkast. Dei får også mykje av nyheitsformidlinga si gjennom lyd. Det må også me tilby lesarane våre, seier Holden og held fram:

– Det fine med Høyr er at ein kan få ein debatt eller ei nyheitsformidling frå Hallingdølen medan ein køyrer bil, går tur med bikkja eller vaskar golvet. Det er ein fin måte å formidle nyheiter i farta til folk. Det skal heller ikkje vera lange sendingar, me har sagt at dei me lagar no skal vera på mellom 20 og 25 minutt.

«Høyr» er Hallingdølens nye podkast.

Heng på trenden

På sikt er målet er å engasjere heile redaksjonen i arbeidet med å produsere lydinnhald til podkasten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det blir ikkje sending kvar veke, desse vil koma og gå utan faste rammer.

Les også
«Trippeldrapet på Geilo» vann podkastpris: – Å hevde seg som lokalavis, trur eg er unikt

– Har Hallingdølen ressursar til å produsere dette oppå alt anna?

– Det er krevjande å vera lokalavis, og lokalavisjournalistar skal levere stoff til nett og papir, bilete, levande bilete og lyd. Dette skal me få til utan fleire tilsette. Det krev meir frå journalistane, men det er også krava frå lesaren som blir høgare. Trendane blir annleis og me må henge med. Om folk vil høyre på nyheiter, så må me legge til rette for at dei kan det, seier Holden.

– Heldigvis er journalistane i Hallingdølen veldig framoverlent og ivrige på å ta i nye ting og utfordringar. Så eg er heilt sikker på at det kjem til å bli veldig, veldig bra.

Ringrev i studio

Ein av dei som har vore med på mange nyvinningar i avisa er Arne Ole Lindahl. Journalisten med over 50 års erfaring har fått i oppdrag å vera programleiar for den nye podkasten i valepisodane som blir sleppt frå og med neste veke.

– Jobben er å ta temperaturen på toppkandidatane før valet. Kven er dei, og kva skil dei? Folk veit kanskje kven som stiller i deira kommune, men kjenner dei ikkje så godt, seier Lindahl.

Arne Ole Lindahl under podkastinnspeling.

For han er det ikkje noko nytt å vera ansiktet eller stemma til Hallingdølen når dei tek «tempen» før og under valet. Lindahl har leia valsendingane som gjekk på nett-TV for åtte og fire år sidan, med utspørjingar av kandidatar i kvar kommune.

– Men no er det radio og podkast, og stilen er ein heilt annan. Dette er ingen duell i studio. Her er målet å bli kjend.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med 20 minutt til rådigheit skal han koma under huda på to-fire toppkandidatar.

– Då gjeld det å halde tempoet oppe. Det er eit mål at sendinga ikkje blir baktung og kjedeleg, men laus, ledig og informativ.

– Flaut å gløyme namn

Til no er to av episodane spelt inn. Lindahl definerer det som upløya mark.

– Me har måtte gjera det på vår måte, det har gått ganske greitt.

Episodane består av Lindahl som spør ut og intervjuar politikarane, blant anna i ein hurtigrunde med konkrete spørsmål. Etterfølgt av ein samtale med kommentator Embrik Luksengard som kjem med si vurdering av situasjonen i kvar enkelt kommune.

Les også
Røynda nærmar seg 20.000 lyttingar: - Responsen har vore overveldande

Det einaste Lindahl har manus på er introen han presenterer. I tillegg skriv han opp namnet på dei som kjem i studio.

– Bakgrunnen for det er då eg var i radiostudio med legenda frå NRK Knut Bjørnsen, som gav meg eit godt råd: Når du sit i studio, skriv alltid opp namnet på dei som er der sjølv om du kjenner dei. I ein slik setting er det ingen problem å gløyme namnet sjølv på bestemor di.

– Og det har han rett i. Det kan bli stress og ein må vera konsentrert. Å gløyme eit namn er veldig flaut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under innspeling av fyrste episode av Hallingdølens nye podkast «Høyr».

– Ikkje arbeidsledig

Lindahl har i si tid i Hallingdølen vore med på ein rekke nyvinningar. Sjølv høyrer han ikkje stort til podkast, men har ingen problem med å stupe ut i rolla som programleiar.

– Det går inn i rekka av innovative prosjekt i Hallingdølen. Det er spennande. For min del tenkjer eg at det er ei radiosending. Eg ser på det som radioprogram sjølv om det heiter podkast.

Les også
– Eg var aldri redd for at han skulle kome etter oss. Eg var redd han ikkje skulle overleve den natta sjølv

Han har rukke å lytte på fyrste episode, som blir sleppt i neste veke.

– Eg synest resultatet er bra. Det er viktig at Hallingdølen er såpass med som me er i valkampen. Det er samfunnsoppdraget.

– Er det utfordringar?

– Det er krevjande at ein skal gjera det i tillegg til alt det andre ein gjer. Det går unna kan du seie, og me er ikkje arbeidsledige. Eg var ute og gjekk i går kveld, då var det Hemsedal som røra seg i hovudet mitt. Eg måtte finne ein inngang på episoden. Den fann eg då eg passerte Sorenskrivargarden i Nesbyen på spaserturen min, ler Lindahl.