Dagleg leiar i Hallingdølen, Ola Stave, er ikkje fornøgd med regjeringa si handtering av krisa i mediebransjen.

Hallingdølen blør - etterlyser tiltakspakke

Avisbransjen blør. Det gjer også Hallingdølen. - Situasjonen er alvorleg, understrekar dagleg leiar Ola Stave som etterlyser handlekraftige politikarar.

Koronapandemien har utløyst fleire krisepakker frå regjeringa. Men pakkene er til liten hjelp for mediebransjen.

I tillegg opplever avisene dramatisk fall i annonseinntektene. Inntektsbortfallet er ifylgje Landslaget for lokalaviser (LLA) på 50- til 90 prosent. Bransjen ligg samla sett an til å tape opp mot ein milliard kroner innan utgangen av mai månad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Livsviktig informasjon

Dette skjer samstundes som behovet for faktabasert informasjon aldri har vore større. Det er dei mange lokalavisene som syter for nødvendig og livsviktig informasjon lokalt.

Les også
Støttar krav om krisepakke

— Samfunnsoppdraget til avisene er så til dei grader vorte tydeleggjort. I ein krisesituasjon som denne er samfunnet og demokratiet avhengig av at media fungerer som dei skal, understrekar Stave.

Meir enn halvert

Også Hallingdølen er hardt ramma. Etter koronautbrotet er annonseinntektene meir enn halvert. Dersom dette held fram, vil annonsesvikten ende på sju til åtte millionar kroner i år. Avisa har 36 tilsette og eit budsjett på godt 40 millionar kroner.

– Sju til åtte millionar kroner i tapte inntekter betyr knallraude tal for Hallingdølen. Me er nøydde til å gjennomføre drastiske kostnadskutt og er i dialog med dei tilsette. Me må gjere alt me kan for å redusere underskotet mest mogleg. For underskot blir det, seier Stave.

Seks tilsette er permittert

Seks tilsette har vore permitterte sidan midten av mars. Stave ser ikkje bort frå at det kan bli fleire permitteringar i tida framover. Alt avheng av omfanget av koronapandemien, kor lenge den varer og kor lenge det går før næringslivet vaknar til live att.

Les også
Hallingdølen permitterer seks tilsette

Stort informasjonsbehov

– Dette er vondt og vanskeleg. Me ser at informasjonsbehovet er enormt om dagen. Me har produsert stoffrike aviser. Trafikken på nettet er tre til fire gonger over det normale — opp mot 150.000 daglege sidevisningar. Men det blir ikkje meir pengar i kassa. Med millionar av kroner i tapte annonseinntekter vil me ikkje makte å oppretthalde produktet me leverer i dag. Det vil vere ille. For i krisetider er journalistikken viktigare enn nokon gong, understrekar direktøren i Hallingdølen.

Tiltakspakke

Stave etterlyser handlekraftige politikarar. Det trengst ei tiltakspakke spesifikt for avisbransjen.

– Media er nødvendig for demokratiet. Det må politikarane ta inn over seg. Tiltakspakkene så langt er og har vore til liten hjelp for bransjen. Det gjeld også den siste kontantstøttepakka. Den dekker ikkje dei store utgiftspostane som trykking, distribusjon og lisenskostnader. Politikarane må få på plass ei pakke som dekker desse kostnadene, og som kompenserer for inntektsbortfallet, meiner Stave.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skuffa over Raja

Han er heller ikkje fornøgd med kulturminister Abid Raja (V). Så seint som sist fredag møtte kulturministeren bransjeorganisasjonane utan at det kom noko ut av møtet.

– Kulturministeren har vore altfor lite på banen. Han har ikkje tatt situasjonen i mediebransjen på alvor. Heldigvis har Stortinget tatt tak i saka. Alle partia har bede regjeringa og kulturministeren greie ut ei krisepakke til mediebransjen. Raja er blitt instruert, og har fått marsjordre av Stortinget. Det gir grunn til optimisme, understrekar Ola Stave.

Les også
Er blitt høyrt, men sprettar ikkje champagnen