Ole Haabeth, fylkesordførar i Østfold, Anette Solli, fylkesordførar i Akershus og Roger Ryberg, fylkesordførar i Buskerud ville i fjor slå dei tre fylka saman til region Viken, gjeldande frå 2020. Etterpå har Østfold og Akershus sagt nei, Buskerud ja.
Ole Haabeth, fylkesordførar i Østfold, Anette Solli, fylkesordførar i Akershus og Roger Ryberg, fylkesordførar i Buskerud ville i fjor slå dei tre fylka saman til region Viken, gjeldande frå 2020. Etterpå har Østfold og Akershus sagt nei, Buskerud ja.

Hallingdal blir del av Viken-region

Det er semje på Stortinget. Buskerud blir del av ein framtidig Viken-region saman med Akershus og Østfold.

Regjeringa og samarbeidspartia KrF og Venstre la onsdag fram planar for korleis Kommune-Norge blir sjåande ut og korleis regioninndelinga blir. Talet på kommunar blir redusert frå 428 til 359, der 13 av kommunane blir slått saman med tvang. Det skjer ingen endring for kommunane i Hallingdal.

Talet på fylkeskommunar blir redusert frå 20 til 10. Buskerud blir foreslått slått saman med Akershus og Østfold og blir Viken-regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare var det aktuelt at også Oslo skulle bli ein del av denne regionen, men det skjer ikkje. Då Oslo ikkje lenger var med, var ikkje lenger Akershus tent på samarbeidet. Både Østfold og Akershus har sagt nei, medan fleirtalet i Buskerud fylkeskommune er positiv til storregionen.

Men blir regionen slått saman, må politikarane nytte tvang, slik det ser ut no.

– Fylkestinget i Buskerud har med overveldande fleirtal vedteke samanslåing med Østfold og Akershus. For oss er det også aktuelt å ta med Vestfold, uttaler fylkesordførar i Buskerud, Roger Ryberg til VG.

Han er fornøgd med innstillinga som vart presentert onsdag.

– Eg er veldig fornøgd med at me tok dette arbeidet på alvor og at me har eit så klart og tydeleg vedtak. No er eg spent på kva oppgåver dei nye regionane skal ha, seier Ryberg til VG.