Dyranut: Slik såg det ut ved Dyranut, det høgste punktet på Rv7 Hardangervidda, sundag morgon.

Gradene på rett side av nullen - men det blir framleis kaldt og nedbør

Det var meldt kaldt og nedbør, og fare for snø på fjellovergangane i dag. Men fullt så ille har det ikkje blitt.

Ved Dyranut, det høgste punktet på Rv7 over Hardangervidda var det fem plussgrader i 10-tida sundag morgon. Slik blir det også resten av dagen, ifølgje yr.no.

Det er også kraftig vind, 11 meter i sekundet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men sjølv om faren for snø synest å vere over i dag, blir det framleis kaldt. Måndag er det meldt to plussgrader på det høgste punktet på Rv7, og regn. Natt til tysdag er det meldt minusgrader.

Bilistar må med andre ord følgje med på vêret viss dei skal over fjellet.

Ved Eldrevatn på Rv52 Hemsedalsfjellet er det sundag føremiddag fem plussgrader og vindstyrke 11 meter i sekundet. Også her blir det nedbør, både sundag og måndag. Men yr melder om plussgrader.

Les også
Skal du over fjellet? - Slik ser det ut på Hardangervidda fredag morgon