Snø: Slik såg det ut ved Dyranut på Hardangervidda fredag kloka 08:13. Snøen er faretrugande nær.

Skal du over fjellet? - Slik ser det ut på Hardangervidda fredag morgon

Snøen ligg faretrugande nær i høgfjellet fredag morgon.

Statens vegvesen har gått ut og åtvara mot vanskelege køyreforhold over fjellovergangane. Det er kaldt, og det er nedbør.

Snøen veldig nær

Ved Dyranut, det høgste punktet på Rv7 over Hardangervidda, var det nysnø fredag morgon, men snøen hadde ikkje lagt seg i vegbanen. Det syner webkamera til Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er meldt kaldt heile fredag. Ifølgje yr.no vil temperaturen ved Dyranut ligge på rundt null grader heile dagen, og det er meldt mellom tre og ni millimeter nedbør.

Det betyr at ein skal vera obs på køyreforholda over Vidda.

Vinterdekk?

Folk som må over fjellet i helga, må vera forsiktig.

– Eg vil oppmode trafikantar om å vurdere å bruke vinterdekk om dei skal over fjellet i helga, seier statsmeteorolog Steinar Skare til NRK.

Kaldt heile helga

Ved Eldrevatn på Hemsedalsfjellet er det også meldt nedbør utover dagen, men her er det nokre grader varmare. Yr melder om tre plussgrader utover dagen.

Det ser ikkje ut til at varmen kjem tilbake med det fyrste. Det er kjølig vêr i heile helga. Sundag føremiddag er det meldt null grader ved Dyranut og litt nedbør.

Med andre ord: Køyr forsiktig!

Les også
«Exit» i Hemsedal
Les også
Foreldra til brannskadde Noa (13): – Håpar andre slepp oppleve det same som oss
Les også
Halling bestilte overgrep på nett - må i fengsel