Janne Gillesen, Kirstin Peters og Cathrine Korshamn feira nyttår på Bergsjøstølen fjellstue.
Janne Gillesen, Kirstin Peters og Cathrine Korshamn feira nyttår på Bergsjøstølen fjellstue.

Godt nytt år

Feiring i vinden på Bergsjø.

Politiet har ikkje meldt om nokon alvorlege hendingar i Hallingdal knytt til nyttårsfeiringa.

Ved overgangen til nytt år var det berre småting på politiet sin twitter-logg:

Artikkelen held fram under annonsen.

17:30: Parkeringsproblem i sentrum av Geilo. Parkeringsbøter skrive ut.

21:27: Hund på rømmen. Høgevarde, Flå.

Feiring på fjellet

På Bergsjøstølen fjellstue i Ål var det nyttårsfest. Der var det fullt hus med kring 70 gjestar. Heile 64 av dei var kitarar samla frå heile Austlandet. Etter fleire dagar med kiting i varierande vindforhold på Bergsjø var det ein glad gjeng som feira inngangen til det nye året på fjellstova nedanfor Reineskarvet. Cathrine Korshamn, Kirstin Peters og Janne Gillesen har akkurat tent stjerneskota i det den første raketten fyk til vêrs.

Ein einsleg rakett frå toppen av Vardehovda ved Bergsjø.
Ein einsleg rakett frå toppen av Vardehovda ved Bergsjø.
Fullt hus på Bergsjøstølen i nyttårshelga.
Fullt hus på Bergsjøstølen i nyttårshelga.
30 hadde ikkje politiet rapportert inn nokre hendingar på sin twitter-logg.
30 hadde ikkje politiet rapportert inn nokre hendingar på sin twitter-logg.

– Her er det godt å vere. Kiting, gode vener og ein veldig bra nyttårsfest, smiler Kirstin Peters.