Sigrid Simensen Ilsøy står på andreplass på lista til Buskerud Sp før stortingsvalet. Ho er glad for støtta frå tidlegare Frp-politikar Harald Aagaard.
Sigrid Simensen Ilsøy står på andreplass på lista til Buskerud Sp før stortingsvalet. Ho er glad for støtta frå tidlegare Frp-politikar Harald Aagaard.

– God start på 2017

Senterpartiet og Sigrid Simensen Ilsøy er glad for støtta frå tidlegare Frp-leiar Harald Aagaard.

Aagaard, som i 1981 var med å etablere Frp i Hallingdal og i ei årrekkje var sentral lokalpolitikar, annonserte i Hallingdølen laurdag at han no stiller seg til disposisjon for Senterpartiet.

Årsaka til overgangen frå Frp til Sp er det han meiner er ein knallhard sentraliseringspolitikk som ingen annan regjering nokon gong har ført. Dei kommande månadene fram mot valet vil han vere med og mobilisere veljarar til Sp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prata saman

– Det vart ein god start på 2017, seier Simensen Ilsøy om støtta.

Varaordføraren i Hol står på andreplass på Buskerud Sps stortingsvalliste. Ho er glad for all støtte partiet får. Også når det kjem frå uventa politisk hald.

– I utgangspunktet er det overraskande. Men eg var klar over dette etter å ha prata med Aagaard. Det er gledeleg at folk får auga opp for Sp, seier Simensen Ilsøy.

Per Olaf Lundteigen er toppkandidaten til Buskerud, og Simensen Ilsøy kan truleg vente seg fleire turar til Stortinget som vara. For sjølv om Sp er i vinden, tør ikkje kandidaten frå Dagali tru på at partiet får inn to representantar frå Buskerud.

– Dit er det langt fram. Då treng me ein del tusen stemmer.

Klar bodskap

Ved forrige val fekk partiet 6,1 prosent av røystene i Buskerud.

Arbeiderpartiet var størst i fylket med 31,8 prosent føre Høgre på 29,0 og Frp med 18,6. Men Sp har vinden i ryggen ni månader før valet. Partiet har i lenger tid vore aleine om å fronte motstand mot fleire reformer som regjeringa har planlagt å innføre. Simensen Ilsøy meiner distrikta er i ferd med å bli utarma. Ho nemner kampen for skattekontoret i Gol og Hallingdal tingrett i Nesbyen som to eksempel på institusjonar som står i fare for å forsvinne. Simensen Ilsøy trur partiet scorar på at det har vore tydeleg på ønsket om eit desentralisert Norge.

– Under regjeringa har det vore ei sentralisering utan sidestykke. Arbeiderpartiet har støtta dette utan å stå til ansvar for det. Me jobbar hardt for å få fram alternativ. Me forventar ikkje at Hallingdal får universitet, men me må vere attraktive for at folk skal flytte hit. Det går ikkje den vegen no.