F.v. Alexandra Storsveen Fjeld, Serena-Aleksandra Narvesen og Angelica Selund.
F.v. Alexandra Storsveen Fjeld, Serena-Aleksandra Narvesen og Angelica Selund.

Geilo-elevar med hjelpeprosjekt

Gjennom matsal og bruktsal har valfagklassen samla inn pengar for gateborn i Bolivia.

«Innsats for andre» er nytt valfag ved Geilo barne – og ungdomsskule. Timane går med til å lære om frivillig arbeid og finne høvelege hjelpetiltak.

-Pengane går til skulegang, mat og bustader, seier elev Serena-Aleksandra Narvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har det ikkje så bra, dei søv under bruer. Det vaska bilar for å tener pengar, men nokre gongar blei folk sinte og dei tente lite pengar, forklarer Celine Kraggerud.

Geiling i Bolivia

Vibeke Tingvoll Øen har jobba frivillig i Bolivia sidan 2006. Fenix-prosjektet er ein del av Stiftelsen Estrellas en la calle. Stiftelsen er ein privat organisasjon som hjelper fattige barn, ungdommar og familiar i området i Cochabamba.

– Det er jo ikkje noko eg driv med til vanleg, så det er veldig fint å kunne gjera dette for nokon andre. Dei har jo det ikkje like fint som me har det her, seier Angelica Selund.

Klassen jobbar med å finne neste prosjekt. F.v Serena-Aleksandra Narvesen, Angelica Selund, Celine Kraggerud, Jardar Ryum Disen, Halvor Nestegard, Erna Viken Holvik og Alexandra Storsveen Fjeld.
Klassen jobbar med å finne neste prosjekt. F.v Serena-Aleksandra Narvesen, Angelica Selund, Celine Kraggerud, Jardar Ryum Disen, Halvor Nestegard, Erna Viken Holvik og Alexandra Storsveen Fjeld.
Halvor Nestegard er ansvarleg for økonomien saman med Jardar Ryum Disen.
Halvor Nestegard er ansvarleg for økonomien saman med Jardar Ryum Disen.

Elevane har oppretta ei eiga bedrift, Glade Barn, for å drive det velgjerande arbeid sitt.

Tidlegare elev

-Eg har hatt Vibeke Tingvoll Øen som som elev. Eg visste at ho har jobba med prosjektet. Så når me kom opp med fleire forslag til kva me skulle jobbe med, vart gatebarna i Bolivia eitt av desse, forklarer lærar Erna Viken Holvik.

– Etter at Vibeke hadde vore her blei dei meir gira og fekk meir lyst til å gjere ein innsats. Då såg dei kva dette betyr, legg Holvik til.