Ragnhild Halbjørhus går frå stilling i offentleg saksbehandling i Hemsedal til å bli sjølvstendig næringsdrivande basert på å gje råd om korleis ein kan orientere seg i det byråkratiske systemet. – Eg har omskolert meg til noko eg kan litt om, seier ho.
Ragnhild Halbjørhus går frå stilling i offentleg saksbehandling i Hemsedal til å bli sjølvstendig næringsdrivande basert på å gje råd om korleis ein kan orientere seg i det byråkratiske systemet. – Eg har omskolert meg til noko eg kan litt om, seier ho.

Frå «teknisk sjef» til sjef på alt som er teknisk

Har du angst for skjema og får spasmar av søknadsprosessar? Ein tidlegare kommunebyråkrat i Hemsedal vil lose folk gjennom systemet.

Som tidlegare teknisk sjef i Hemsedal kommune veit ho mykje om korleis byråkratiet fungerer. No har Ragnhild Halbjørhus omskolert seg for å stå på eigne bein. Ho vil lose folk gjennom sakskomplekset.

– Frå tida i kommunen erfarte eg at folk trong hjelp til oppgåver kommunen ikkje kan utføre, fordi dei kommunalt tilsette då blir rådgjevarar. Samtidig var det ein del saker som ikkje var typiske advokat- eller konsulentoppdrag, seier Halbjørhus. Ho vil vere ein los for denne typen kundar. I juni startar ho selskapet Hallinglos, og skal drive verksemda med heimekontor. For kort tid sidan fekk ho dispensasjon til heimekontor. No vil ho også hjelpe andre med å få gjennom sine planar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var hyttefolket eg først hadde i tankane. Dei vil bruke tida si på hytta, ikkje på søknadsprosessar. Eg trur eg kan lose dei gjennom systemet, seier ho. Ettersom ideen har mogna, blant anna gjennom kurs på Hallingdal Etablerersenter, ser ho også vanlege folk, private bedrifter og kommunar, primært i Hallingdal, som potensielle «hjelpetrengande».

I april sa ho opp stillinga si i kommunen, etter ei lengre periode med sjukemelding og permisjon. I sitt nye liv er ho alt i gang med saker som går på alt frå buplikt til frådeling, vegspørsmål og reguleringssaker.

– For min del handlar dette om å skape min eigen jobb. Går det som eg håpar, er eg i gang for fullt frå hausten av, seier Halbjørhus.