Siv Støen og Sigrid Ingeborg Gislerud køyrde koronatesting av fleire i Flå for nokre veker sidan.

Frå måndag gjeld ikkje lenger dei lokale korona-tiltaka

Lokale tiltak skal berre brukast om koronasituasjonen er uoversiktleg og ute av kontroll. Slik er det ikkje lenger i Hallingdal.

Derfor blir alle lokale tiltak avslutta frå og med måndag.

Den siste månaden har fleire av hallingdalskommunane vore råka av eit lokalt koronautbrot, som starta i Gol. Men no har utbrotet flata ut, og alle kommunar har god kontroll over situasjonen. Alle dei nye smittetilfella som har kome den siste tida, har enten vore nærkontaktar eller såkalla «innreisesmitte».

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Berre nokon kunne gi tydeleg beskjed

For litt over ei veke sidan kom kommuneoverlegane i Hallingdal med ei liste over lokale tiltak som dei oppmoda kvar enkelt kommune om å vurdere å ta i bruk.

Kommunane har ut frå dette laga sine lister over kva for tiltak som gjeld i deira kommune. Men fredag hadde legane nok eit møte, der vart dei samde om at det ikkje lenger er grunnlag for å ha lokale tiltak som er strengare enn dei nasjonale retningslinjene.

Er du usikker på kva for reglar som gjeld i Norge akkurat no? Her kan du sjå heile oversikten.

Sjølv om dei lokale tiltaka blir avslutta, blir elevar i vidaregåande skule bedne om å framleis bruke munnbind på skulebussen der det er under ein meter mellom kvar enkelt.

Les også
Ber 106 koronasmitta hallingar om å kome til sjekk

Hallingdal har hittil i haust hatt totalt 78 smittetilfelle. Desse fordeler seg slik:

KommuneTal på smitta
Flå3
Nesbyen8
Gol 43
Hemsedal6
Ål15
Hol3
Les også
Treng å vite kor lenge antistoffet virkar
Les også
– Eg har vore uheldig