Parlamentarisk leiar i Høgre, Trond Helleland, håpar Erna Solberg slepp å gje frå seg nøklane til Statsministerens kontor. – Eg er spent. Det er eit ope spørsmål kva regjering me får etter valet, seier han.
Parlamentarisk leiar i Høgre, Trond Helleland, håpar Erna Solberg slepp å gje frå seg nøklane til Statsministerens kontor. – Eg er spent. Det er eit ope spørsmål kva regjering me får etter valet, seier han.

– For mange reformer på ein gong

– Folk likar ikkje forandring, men reformene var nødvendig.

Det seier Trond Helleland, parlamentarisk leiar i regjeringspartiet Høgre. Denne veka var han heimom for ein sommarvisitt i barndomsheimen på Ål.

Lar andre svinge sverdet

– Det blir sjølvsagt ein spesiell sommar i eit valår. Me prøver å kombinere ferie med valkamp. Eg og barna er litt haleheng til kona, innrømmer Helleland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ålingen er gift med kulturminister Linda Hofstad Helleland. Å vere parlamentarisk leiar er ei meir tilbaketrekt rolle. Men Helleland er ikkje så tilbaketrekt at han takkar nei når kulturministeren blir spurt om å vise seg på store kultur- og idrettsarrangement. I sommar har dei vore både på Tour de France, Moldejazz og Gladmatfestivalen i Stavanger. Det er viktig å vere synleg i eit valår.

– Eg trivst godt i den rolla eg har fått. Hovudjobben min er å vere på Stortinget og «ordne opp». Viss me skal få gjennom politikken vår i Stortinget, kan ikkje eg vere den som er ute og svingar sverdet. Det får regjeringa ta seg av, seier Helleland.

Alternative vegar ut av revehiet

Han innrømmer at det har vore nokre tøffe tak å vere parlamentarisk leiar i det største regjeringspartiet. Høgre og Frp styrer ei mindretalsregjering med støtte frå Venstre og KrF. Trass i at dei er samde om plattforma, er det mykje som skil. Kvar onsdag har Helleland møte med partileiarane Trine Skei Grande (V), Knut Arild Hareide (KrF) og parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik på kontoret sitt. I desember var det med nød og neppe dei kom i land med ein avtale om statsbudsjettet.

– Eg er mest stolt over at me har styrt landet gjennom ein svært krevjande økonomisk periode. Me har hatt regjeringsansvar i ein periode landet har opplevd halvering i oljeprisen. Eg trur ikkje folk skjønar kor store konsekvensar dette har hatt for ein oljedriven økonomi som den norske. For å sikre berekrafta til velferdsstaten er det viktig å skape ny vekst, seier han.

– Kvifor vart du vald til parlamentarisk leiar?

– Eg er god til å forhandle, dempe konfliktar og finne løysingar. Etter mange år på Stortinget har eg kunnskap og erfaring som gjer meg i stand til å finne alternative vegar ut av revehiet, seier han.

– For mange reformer på ein gong

Ambisjonen var å teikne eit nytt norgeskart. Kommunereform, regionreform og politireform. Regjeringa har sett i gang jernbanereform og høgskulereform. Og dei har lagt seg ut med bøndene kvar vår under jordbruksoppgjeret.

– Har Høgre vore for utolmodig?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart for mange reformer samtidig i fjor. Det hadde bakgrunn i at det var mykje å ta att, åtte år med reformpause under raudgrønt styre. Regionreforma var eit ønske frå KrF og Venstre. Me måtte akseptere regionreforma for å få gjennomslag for kommunereforma, som var viktig for oss, seier Helleland.

– Folk likar ikkje forandring. Ein del av kritikken opplever eg som ei frykt for endring. Me kan ikkje vente at folk skal reise seg og juble for alle reformer. Men det har vore nødvendig. Offentleg sektor trong modernisering. Viss me skal utvikle landet, må me ta utgangspunkt i den tida me lever i. Digitaliseringa har endra samfunnet radikalt. Det tvingar fram endringar i offentleg sektor. Sp køyrer knallhardt på sentralisering, men eg meiner dei tek feil. Mykje er i realiteten ei gigantisk desentralisering, seier Helleland.

– Mobiliserer på misnøye

Men reformene har møtt motstand, ikkje minst frå distrikta. Det vekte oppsikt at tidlegare Høgre-ordførar i Hol, Arne Skogheim, i vinter gjekk ut og sa at han ikkje kjende att sitt gamle parti. Skogheim flagga støtte til Senterpartiet.

– Eg vart lei meg då eg las om dette, seier Helleland. – For fire år sidan var veg og jernbane hovudtema for valkampen. Dette har regjeringa levert på. Eg meiner regjeringa burde fått honnør for å satse på det som er aller viktigast for distrikta, betre kommunikasjon og infrastruktur. Me har levert på skule, helse og samferdsel, som me gjekk til val på.

– Korleis vurderer du framgangen til Senterpartiet?

– Sp er først og fremst imot reformer. Å utvikle distrikta kjem i andre rekkje. Dei mobiliserer på misnøye med at eitt og anna offentleg kontor blir stengd. Når det kjem til stykke, trur eg ikkje at det er dette som betyr mest for folk. Me kan ikkje ha like tenester i heile landet, men me må ha likeverdige tenester. Nettopp difor er det viktig med større kommunar, for å sikre kvaliteten i tenestene over heile landet.

Uklare regjeringsalternativ

Regjeringsalternativa er meir uklåre før årets stortingsval enn dei har vore nokon gong. Ryk Venstre under sperregrensa, spøkjer det for ei ny borgarleg regjering.

– Dei raudgrøne har leia på målingane. Men det er ikkje så mykje som skal til. Skal me sikre attval, må Høgre få eit løft i Buskerud og behalde tre mandat. Buskerud blir eit viktig fylke, kanskje avgjerande for kva veg det vippar. Og så er det spennande kva som skjer med Venstre. Ifølgje meiningsmålingane ligg partiet under sperregrensa, men dei manglar berre ein stad mellom 10.000 og 20.000 stemmer, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

At den nye nestleiaren i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, signaliserer at det er uaktuelt å gå til Ap, hindrar ikkje spekulasjonane om KrF byter side dersom Venstre kjem under sperregrensa. På den andre sida har Jonas Gahr Støre (Ap) har stengt døra for eit samarbeid med Rødt og MDG.

– Konklusjonen er enkel, seier Helleland. – Det er eit heilt ope spørsmål kva regjering me får etter valet. Men får me om lag same resultat som sist, held Erna fram som statsminister. KrF og Venstre har tilbod om å gå inn i regjering, men eg ser at det er vanskeleg for dei. Men dersom KrF og Venstre samla blir større enn Frp, kan kanskje dette bli ein diskusjon. Styrkeforholda vil avgjere, seier han.